Einar Grønnes og Nils Håvard Øyås _400x266

Ny leiar i Surnadal SP

Nils Håvard Øyås tok over leiarklubba etter Einar Grønnes da Surnadal Senterparti  held sitt årsmøte i Sagatun 3. november. Det var eit engasjert lokallag som var samla, ikkje berre til årsmøte, men også for å treffe og kome med innspel til stortingsrepresentant Jenny Klinge.

Ga leiarklubba vidare!

Etter 4 år som leiar i Surnadal Senterparti ga Einar Grønnes torsdag kveld leiarklubba vidare til Nils Håvar Øyås. Tjue medlemmar kom på Årsmøtet, og Grønnes kunne fortelje at han aldri hadde vore på eit så engasjert møte i Surnadal Senterparti.

 

Stor begeistring


Surnadal Senterparti sitt Årsmøte var i Sagatun 3. november. Mange tok turen for å velje nytt styre og for å treffe Stortingsrepresentant Jenny Klinge. Det var eit engasjert lokallag som hadde årsmøte, det vistes blant anna på at det kom mange fleire enn det har dei siste åra. I tillegg var det god diskusjon, både rundt dei inkomne sakene, og mange benytta og moglegheita til å kome med innspel til Jenny Klinge.


Nytt styre


Det var nok knytta litt ekstra spenning rundt leiarvalet dette Årsmøtet. Etter 4 år i førarsetet gav Einar Grønnes leiarklubba vidare til Nils Håvar Øyås, som er ny i kommunen. Han flytta til Surnadal tidlegare i år, og har stor organisasjonserfaring mellom anna frå Noregs Bygdeungdomslag og Norges Bondelag. Øyås har og våre med i Senterpartiet i Sør-Trøndelag. – Eg har ikkje full oversikt over alle dei lokale sakene her i Surnadal riktig enno, men eg har jobba mykje med disktriks- og landbrukspolitikk. Det bli spanande å vere med på gruppemøta i Senterpartiet framover, fortel nyvald leiar Nils Håvar Øyås.
 

Heile styret:


Leiar: Nils Håvar Øyås
Nestleiar: Bernt Venås
Kasserar: Konrad Våbenø
Styremedlem: Gunhild Bøklep Bøe
Styremedlem: Mona Rita Rønning
Styremedlem: Kari Sofie Østen
Studieleiar: Einar Grønnes
Representant frå Senterungdommen: Jan Henrik Moen
 

1. Vara: Else Brandvoll Andresen
2. Vara: Lise Bjerknesli
3. Vara: Ingebrigt G. Moen

 

Tekst og foto: Lise Bjerknesli