IMGP9724

Ny krigshistorisk vandring laurdag

For to år sidan deltok rundt 80 personar på krigshistorisk vandring på Øye i regi av Indre Nordmøre Forsvarsforening, Indre Nordmøre Senioruniversitet og initiativtakar Øyvind Holte. Laurdag 14. september er det klart for gjentaking av suksessen.

Indre Nordmøre Forsvarsforening, med Olav Jostein Holten og Sjur Fedje i spissen, arrangerer årets krigshistoriske vandring, og opplegget blir lagt opp som det var i 2017.

– Ja, vi tykte i grunn at opplegget var bra sist, så vi endrar ikkje mykje, seier Øyvind Holte, og ler.

– Det blir oppmøte i kantina ved Surnadal vidaregåande skole 14. september klokka 11, og vi startar med ei orientering på skjerm der.

Holte er også denne gongen med på å få i stand vandringa, som han meiner er viktig for å ta vare på kunnskapen om den lokale krigshistoria.

Etter orienteringa i kantina, leia av Eivind Hasle, vert det vandring ute, der dei tyske leirbrakkene stod.

– Vi går heile ruta, slik at folk får sjå kvar brakkene og skyttergravene var, før vi kjem inn att frå vest mot idrettshallen. Deretter går vi inn i kantina igjen, og då blir det diskusjon og kaffilag, seier Holte.

Han håpar at mange tek turen denne gongen og.

– Om ein er dårleg til beins er det inga hindring, då kan ein stå over sjølve vandringa, men vere med på orienteringa før- og diskusjonen og kaffilaget etter. Og opplegget er ikkje berre for surnadalingar, alle er hjerteleg velkomne.

Holte fortel at Inggard Lereim, legen kjend frå sitt engasjement i internasjonalt antidoping-arbeid, tek turen for å vere med på vandringa.

– Han er oppvaksen i prestegarden på Øye, og han og familien var skuffa då dei fann ut at det hadde vore vandring sist, utan at dei visste om det. Så no kjem både Inggard, Paul og Gullaug Lereim og fortel om den tida dei budde i prestegarden då faren var prest i Surnadal, seier Holte.

Under vandringa i 2017 var det fleire til stades som hugsa krigen og krigsminna på Øye godt, og som difor hadde mykje å bidra med under arrangementet.

– Dersom nokon har lyst vil det og, etter opplegget på Øye, verte mulegheiter for å få ei guida omvisning i bunkersane på Røssmoen, fortel Holte.
 

(Arkivfoto: Om lag 80 personar møtte opp då Eivind Hasle, Olav Jostein Holten, Øyvind Holte og Sjur Fedje arrangerte krigshistorisk vandring i 2017)