Picasa

Norgesmester i «bækkeravl»

- Magne Heggset har den beste spelsaubuskapen i landet, fortel Svein Skjølsvold, aktiv sauebonde frå Rindal. - Han er Norgesmester i bækkeravl!

- Det er ikkje sant, svara Heggset.

- Kven er det da? spurte rindalingen.

- Nei, det veit eg ikkje,

Laurdag arrangerte Surnadal spelværring kåring av værar, eller bekrar, på Gulla i Surnadal for Rindal og Surnadal. Dette er ein del av avlsarbeidet til organisasjonen Norsk Sau og Geit.

48 lam frå 9 buskapar deltok. I kåringa på Gulla denne haustlaurdagen.

2015-10-03 13.46.37_690x378.jpg
Dommarar var Ingebrigt G. Moen frå Surnadal og Steinar Wirum frå Ålvundeid.

IMGP2156_690x460.jpg
Kåringa består i at dommarane bedømmer ullkvalitet (t.o.m. Gjennom mikroskop), ullmengde, bein og kropp.

IMGP2154_690x459.jpg

Dei har 24 bekrar som skal sirkulere i buskapane i Rindal og Surnadal. I tillegg er det 8 eldre bekrar, elitebekrar, som blir bruka på dei beste teksene. Dei nykåra bekrane vil bli granska på lamstørrelse, og både på ull og slakt.

Nye 8 elitebekrar blir utplukka etter første gransking, og granskinga held fram for å plukke ut bekrar som blir sendt til Staur ved Hamar for å bli seminbekrar.

I år leverte Magnar Heggset 5 bekrar til Staur på vegne av værringen. Dette var bakgrunnen for innleiinga.

IMGP2181_690x460.jpg
Det skulle så delast ut sløyfer til bekrane med best eksteriør. 9 bekrar var i finalen: Marit Solem 1, Magne Heggset 5 og Svein Skjølsvold 3.

IMGP2186_690x460.jpg
Ein etter ein av bekrane vart fjerna frå bingen medan eigarane følgde spent med..

2015-10-03 14.31.14_690x460.jpg
Her er vinnarane som vart att til slutt: Magne Heggset med datter Ingrid står med nr.1 og 3, kvit og blå sløyfe, Svein Skjølsvold fekk raud sløfe og 2.plass for bekren sin.

- Korleis har det vore med tap i denne beitesesongen? spør vi.

Det har vore gjennomsnittleg lite tap i år, men enkelte buskapar har hatt for mykje tap. Det er både alveld og jerv som får skulda for tapa, hører vi.

Kjører vi gjennom dalen desse dagane så ser vi store flokkar med sauer på innmarksbeite, eit vakkert syn. Utmarksbeite er det nok av. Berre ein kunne vere tryggare for rovdyr!

Sauer er, som kjent, "ålraite dyr". Berre sjå her:

 

Picasa
Picasa
Picasa
Picasa
Picasa
Picasa