Picasa

Norges minste sportsbutikk

Den første sportsbutikken i Rindal hadde ei driftstid på rundt 8 år, men bygget står enda, og det er nok den minste sportsbutikken i landet. 

Forretningsbygget er ca 250 cm langt, 160 cm breitt og 160 cm høgt ved rafta, og mange trur nok at det er eit leikarhus.

IMGP6194.JPG
Georg Grøtan ved Norges minste sportsbutikk!

Straks etter krigen tok Magnar Fosseide, som dreiv sprortsbutikken Fosseide Sport i Trondheim, kontakt med slektningane sine på Vangen ved Nybø, Rindalsskogen, og spurte om lagerplass og om dei ville selge for han på provisjonsbasis. Ungguten Magne Grøtan slo til, og det var sykkellykter som var den populæraste salgsartikkelen i starten.

Varelageret var i kjellaren på hovedhuset. I butikken var det plass til ein disk og litt utstilling. Fram til 1955 selde Magne Grøtan både syklar, motorsyklar og gevær frå denne butikken.

Magne Grøtan gjekk etter kvart i lære hos bakar Kleven på Nybø. Bakeriet var ein del av Rindal Samvirkelag. Det førte til at Magne fekk besøk av formannen i Samvirkestyret, som noko beklemt fortalde han at dei ikkje lika at han dreiv konkurrerande verksemd med Samvirkelaget.

Ola Stortiset fortel at han var god kunde i denne butikken. Han kjøpte den første barbermaskina si der, ein Remington med dobbelt skjærehovud! Kvalitetsmaskin som han hadde i mange år. Han kjøpte også både gevær og skott der. Han og andre ungdommar trengte seg saman inne i butikklokalet og studerte brosjyrer av både syklar, mopedar og motorsyklar.

- Far kjøpte motorsykkel på Vangen, fortel Jon Lilleløkken. - Det var ein Tempo 125ccm. Jon var ofte innom sportsbutikken. - Det var så trongt inne at ein måtte ut for å snu, sa han.

Etter eit opphald på Sunndalsøra dreiv Magne Grøtan Valdres Bakeri på Fagernes i 39 år. Vi nemner også at han er sterkt engasjert i veteranbilar og småfly. Han har hatt småflysertifikat og har landa på snøen ved Skogsletta ein gong.

Georg Grøtan, frå Sunndal er eigar av Vangen no. Han er nevø til Magne Grøtan.

IMGP6198.JPG

No kan det hende butikklokalet blir restaurert, og da kan det hende det blir merka «Fosseide Sport filial»!