tp_leserinnlegg

Nordmørslitteratur og tannpine

Dordi Skuggevik antydar at det var «hol i tanngarden» i presentasjonen av Nordmørslitteratur, kommenterer Eivind Hasle, som kunne ønske ser meir tid til presentasjonen. - Vi ønsker jo ikkje at Dordi Skuggevik skal få altfor mykje tannpine etter møta!

NORDMØRSLITTERATUR OG TANNPINE

Det sette ein ekstra spiss på slektstreffet mitt i Oslo i tilknytning til Operajubileet å få ettersendt både ei e-posthelsing (13/4) pluss avisinnlegg frå Dordi Skuggevik med antydningar om at eg, Gunnvald Bøe og Styrkår Brørs er ein «kulturmafia» som har lagt kjeppar i hjula for å hindre at boka hennar om «Tante Borg» skulle bli spesielt omtala på Senioruniversitetet sin presentasjon av Nordmørslitteratur nyleg.

Eigentleg burde vi vel berre vere glade for at Dordi Skuggevik fann tid innimellom alle dei nøkterne og kvalitetssikra avisinnlegga sine om Listhaug, Støre, DNA, Kr.F, FrP, kommune-reform, islamisering, feminisering av mannen, 22.juli 2011, fylkesnamn etc. til både å delta på møte i Senioruniversitetet, og til å prøve å overta programmet under møtet. Så må vi sjølvsagt akseptere at ho ikkje fekk med seg alt på møtet av det vi «mafiosoar» sa, både om dei utvalskriteria vi hadde lagt til grunn, om den lange lista av forfattarar vi ikkje hadde funne plass til innanfor ei times-ramme, og at ho heller ikkje hadde fått med seg kva eg sa om hovudfagsstudiet mitt i norsk. Elles vissste vi jo under planlegginga av møtet at Dordi Skuggevik alt hadde deltatt både på Sjøbruksmuseet og i Heimbygdlaget med eige program om «det store nyhendet her på traktene» og at det såleis slett ikkje var «usynliggjort» (som ho skriv!)

I tillegg må eg jo personleg som norskfilolog stille meg undrande til enkelte av dei kriteria den velutdanna Dordi Skuggevik synest å tru er sentrale i vurdering av litteratur, om vi har vurdert om forfattaren kjem frå ein fattig eller rik heim, eller om han eller ho er nok smålåten? Ho som elles synest nokså elitistisk i enkelte av kulturvurderingane sine, bør jo m.a. vite at populærlitteratur eller triviallitteratur ikkje utan vidare er god litteratur, og at t.d. legeromanar ikkje er nokon kvalitetssikker veg til informasjon om legeyrket, eller Sverre Årnes og Anne Lise Boge ikkje gir sikker kunnskap om Nordmøre, sjølv om både forfattarar og forlag kan gje interessant informasjon og ikkje minst tjene gode pengar. Så Dordi Skuggevik må sjølvsagt gjerne halde fram med marknadsføring av Sverre Årnes sine bøker!

Dordi Skuggevik antydar at det var «hol i tanngarden» i presentasjonen av Nordmørslitteratur. Både på førehand og under møtet var vi klar over at vi gjerne kunne hatt meir tid og fleire møte til presentasjon av Nordmørslitteraturen.  Vi ønsker jo ikkje at Dordi Skuggevik skal få altfor mykje tannpine etter møta!

Eivind Hasle