helicopter-999680_960_720

Nødplakat som redder liv

Ein nødplakat på hytta har all informasjonen nødetatane treng for å finne fram når du treng rask hjelp. Nødplakaten er utskrift av ein "plakat" som alle kan lage på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for, til dømes hytta.

Kartverket har utvikla nødplakaten i samarbeid med hovudredningssentralane og nødetatane. og har ansvaret for datagrunnlaget, stadnamna, karta og teknologien bak.

I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram. Nødetatane opplever ofte at folk som kontakter dei, ikkje klarer å forklare godt nok kor dei er. Spesielt gjeld det om dei ringjer frå ei hytte. Har du ein nødplakat lett tilgjengeleg på hytta, kan du lett formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.

I tillegg til å henge ein nødplakat på innsida av hytta, kan det være ein idé å henge ei utskrift også på utsida, slik at forbipasserande kan bruke plakaten til å skaffe hjelp.

Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova. Mange har framleis ikkje vegadresse heime, og fram til dette kjem på plass, er nødplakaten grei å ha.

Klikk her for å lese korleis du skal lage plakaten

Kilde: Kartverket