Picasa

No skin det sol

Barne- og familiegudstenesta i Mo kyrkje palmesøndag vart avslutta med Henning Sommerros Vårsøg som postludium, og samtidig kasta sola strålane sine gjennom vindaugo i den gamle kyrkja der det var barne- og familiegudsteneste.

2017-04-09 11.20.37_690x1137.jpg
Sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh leda gudstenesta der barna stod i sentrum. Preika handla om den lange historia Bibelen gjev oss. Der fann han og barna alle plagene Israelsfolket vart utsette for før dei drog frå Egypt, og dei fann utferda or Egypt, der dødsengelen gjekk forbi dei husa som var merka med blod frå påskelammet. Lenger ute i historia fann dei palmesøndagshendinga med Jesus som rei inn i Jerusalem på eit esel og vart hylla med svingande palmegreiner, og dei fann korset på langfredag.

2017-04-09 11.33.21.jpg
Soknepresten og klokkaren fekk med seg barna på salmen "På Golgata stod eit kors", og barna var med og viste teikn.

Vi merka oss at lysgloben var pynta med egg i mange fargar for  påske og fargerikt fellesskap.

Kristi Fugelsøy 2017-04-09 12.15.19.jpg
Kristi Fugelsøy hadde ein vakker og stødig solosong, I soloppgangen, akkompagnert av organist Oddveig Hellset Halle.

2017-04-09 11.39.25.jpg
Soknerådsleiar Berit Synnøv Fugelsøy delte ut 4-årsbok og 6-årsbok til glade mottakarar.

2017-04-09 12.13.09.jpg
Vi rakk å få bilde av dei nye bokeigarane, men ein hadde alt teke på heimveg.

2017-04-09 11.58.01_690x670.jpg
Klokkar Sverre Hatle og sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh 

2017-04-09 12.36.24.jpg
I våpenhuset vart vi helsa fint velkommen av blomster og appelsiner, som vart utdelt i lag med kyrkjekaffen.

Gråtass som kyrkjeskyss palmesøndag 9.april 2017 foto Tove Mogstad lite.jpg
Parkeringa utafor Mo-kyrkja viser at vi er i eit veksande landbruksmiljø! Takk til Tove Mogstad for bildet.