elevar frå NoFo innsendt

NMS Gjenbruk gjev grunnlag for omsying og retro

På torsdag fekk vi besøk av ein triveleg gjeng frå nabolaget i gjenbruksbutikken. Det er vel slik at mange blir påvirka av motebølger som kjem frå TV. Det er mange som følger med på TV-programmet "Symesterskapet" som no går på NRK1. Der handlar det om å vere best på å sy om gamle klær og stoff til nye klær. Retro står i fokus.

Slik er det også på Nordmøre folkehøgskule der dei har starta ei valgfaggruppe med dette som tema. I gjenbruksbutikken har vi ikkje så mykje klede til salgs, men vi har ein del gardiner og andre stoff i hyllene. Ungdomane frå folkehøgskulen fann ein del artige ting i våre hyller, og gjekk glade tilbake til skulen for å starte på omsyinga.