Tirsdag
Tirsdag Skyet
15°
Skyet
Svak vind
Onsdag
Onsdag Skyet
18°
Skyet
Flau vind
nissen

Nissemarsj i månelyset

Barn og føresette frå Midtigrenda barnehage koste seg under nissemarsjen onsdag ettermiddag. Da nissen kom susande på spark var lykka komplett!

Tekst og foto: FAU i Midtigrenda barnehage

1.jpg

2.jpg

3.jpg

4.jpg

Nissemarsjen har vorte eit tradisjonsrikt arrangement, som foreldreutvalet tek initiativ til i desember kvart år. Eit tog av barn og vaksne går først ein runde på vegen rundt barnehagen, før dei samlast på barnehagen sitt uteområde. Med varm saft, pepperkaker og fyr i bålpanna blir det ei triveleg stund for alle. I år lyste månen frå klår himmel over oss også. 

Frå Torvika kom ein staseleg pynta ponni og ei julegeit som sjarmerte alle, og nissen dukka opp på sparken sin med nisseposar til alle barna. 

FAU vil rette ein stor takk til Kiwi og Rema 1000 for bidrag til servering og nisseposar, til dyreeigarane og til nissen. Vi gler oss allereie til neste år!