nesle topp

Neslesommarfugl og vatn

Denne karen var uvanleg tidleg ute denne våren. Vi helsa på han seint i mars og trudde det var admiralen. Det var det ikkje, men neslesommarfuglen svinsa utålmodig rundt på leiting etter ein livgjevande blomst. Sjå ellers bilder av rennande vatn:

Ut frå våre kjelder er neslesommarfuglen ein av våre vanlegaste. Den fins over heile Europa frå Middelhavet og opp i 3000 moh. Neslesommarfuglen fins over alt ved åpne plassar med blomster, er utbredt over heile Norge og går heilt opp i snaufjellet.

Når det gjeld flygetid, flyg overvintrande individ frå slutten av mars til ut i juni. Årets generasjon flyg frå juli til ut i oktober.

Så var den kanskje ikkje så uvanleg lell. Sjå under om levevis, larve og overvintring. Vår kjelde er Sommerfugler frå Bokklubbens naturhandbøker.

Våre vandringar langs Almbergskleiva gir mykje rennande vatn - det meste dryppande og rennande frå vassmetta jorder og lier og ut i Surna. Sjå våre bilder under:

nesleA - Kopi.jpg

vatnA.jpg

vatnB.jpg

vatnC.jpg

Her over speglar kantskogen seg i ei stille flytande Surna med Aunegardane i bakgrunnen. I år blir det ikkje isgong, da vi har hatt ein mild vinter med lite nedbør.

Våre blider av neslesommarfuglen er mest truleg eit overvintrande vaksent individ. Den besøker blomster og legg egg i klumpar på undersida av unge blad. Som sommarfugl legg 2. og 3. generasjon av neslesommarfuglen ut på lengre vandringar.

Larven er svart med gule langsgåande striper, tornete behåra. Den lever i det vesentlege på større brennesler. Dei lever saman som gruppe i eit felles nett heilt til siste hudskifte, deretter enkeltvis. Den forpuppar seg ofte langt frå næringsplanta, på ein plantestengel til ei hengande puppe.