Toråa 1 Fossdalen

Surnadal kommunestyre fredag

Nei til overføring av vatn frå Toråa

Melan Invest AS og Clemes Kraft AS samarbeider om ei muleg utbygging av Ljøsåa nord i Rindal kommune. Planane inneber overføring av vatn frå Toråa. Toråa er ei sideelv av Lomunda og inngår i Surnavassdraget som er nasjonalt laksevassdrag. Kommunestyret i Surnadal seier nei til å legge saka fram for konsesjonsbehandling.


Saka om overføring av vatn frå Toråa til kraftverk i Ljøsåa var oppe i kommunestyret i Surnadal fredag.


Vurderinga frå rådmannen si innstilling:

Vurdering Toråa utgjer ein svært liten del av Surna sitt totale nedbørsfelt. Dette er likevel underordna når ein veit at både Toråa i seg sjølv, og vassdragsavsnitta i nærleiken, har stor betydning som gyteog oppvekstområde for laks og sjøaurestammane i Surnavassdraget. Fråføring av 70% av vatnet vil ha størst verknad lokalt, og ha mindre betydning jo lengre unna inntaket til overføringstunellen ein kjem.

At Surnadal kommune no skal støtte opp om eit tiltak som det er stor grunn til å tru vil gå på bekostning av laks og sjøaure i Surnavassdraget vil komme i stor kontrast til den store innsatsen som har blitt lagt ned dei seinare åra med å legge forholda betre til rette for desse artane i andre delar av vassdraget. Rådmannen viser her særleg til vilkårsrevisjonsprosessen for Trollheim kraftverk kor større vassføring i Rinna er det klart viktigaste kravet frå kommunane.

Kommunane som blir berørte av bygging av eit evt kraftverk i Ljøsåa skal i denne omgangen kun ta stilling til om utbyggarane skal kunne arbeide vidare med ein full konsesjonssøknad for prosjektet, som når den er klar skal leggast ut til offentleg ettersyn slik at saka blir grundig belyst og vurdert. Både Rindal, Hemne og Orkdal kommunar har gjennom politisk behandling denne hausten gitt klarsignal til dette. Ei slik beslutninga er jo ikkje bindande i høve til ein uttale til konsesjonssøknad for prosjektet om nokre år. Rådmannen meiner Surnadal kommune allereie no skal signalisere at planane om kraftutbygging i Ljøsåa med overføring av Toråa ikkje bør fremmast som konsesjonssøknad. Sannsynligheita for at Surnadal kommune, i likheit med ei rekkje andre instansar, vil stille seg negativ til tiltaket ved ein konsesjonssøknad er stor. Å uttrykke støtte til prosjektet no vil derfor vere å føre utbyggarane bak lyset


Rådmannen si tilråding i saka:

Surnadal kommune støttar ikkje at planer om kraftutbygging i Ljøsåa blir lagt fram for konsesjonsbehandling. Ein viser til planer lagt fram for kommunen av Melan Invest AS, også omtalt i brev frå NVE datert 27.03.2015. Vi viser til fare for for store negative konsekvensar for laks og sjøaure i Surnavassdraget. 


Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke.


Les om saka i Driva her: Fredar Toråa