Magnar Sigbjørn Holten, Ruben van Tienen, Marjolein van Woerkom, Christian Luijendyk_350x251

Nederlendarar ser an Surnadal

Kampanjen for å få nederlendarar til å flytte til Surnadal, har ført til stor interesse for kommunen. Torsdag var Marjolein van Woerkom og Christian Luijendyk på besøk for å snakke med Magnar Sigbjørn Holten frå Profero AS og Ruben van Tienen om kva mulegheiter som finst i bygda.

Ein delegasjon frå Surnadal sette sitt positive preg på messa under Skandinaviske Dager i Nederland i januar. Surnadal ønskjer å få nederlendarar til å busetje seg i kommunen, og to av dei som vart begeistra over det dei fekk høyre på messa, var paret Marjolein van Woerkom og Christian Luijendyk frå Alphen aan den Rijn mellom Amsterdam og Rotterdam.

 - Vi var innom Surnadal da vi var på motorsykkelferie i fjor, og fekk eit godt inntrykk av kommunen. No skal vi også innom fleire plassar vest og sør i landet, for vi kan absolutt tenkje oss å flytte til Norge, seier Marjolein og Christian.

Ho er frilansjournalist og han jobbar som grafisk designar, og begge håpar å kunne fortsetje med desse jobbane om dei flyttar til Norge.

- Vi må vere ganske sikre på at vi får jobb før vi eventuelt flyttar. Men det er mange eigenskapar både med Surnadal spesielt og Norge generelt som vi set stor pris på. I Nederland er det trongt om plassen og meir stress. Naturen her i Surnadal ser svært flott ut, seier paret, som allereie er i gang med norskkurs heime.