Nathan Lediard fekk måldiplom

Nathan Lediard får Surnadal Heimbygdlags måldiplom for 2017 for medviten, god og talespråknær målbruk i marknadsføring og presentasjonar i sitt yrke som fotograf. Ein overraska prisvinnar fekk utdelt diplomen under "Kultursjå" i Svorkasalen torsdag kveld. 

 

Styret i Surnadal Heimbygdlag skriv følgjande i sin grunngjeving: 

Surnadal Heimbygdlag  har vedtatt å dele ut måldiplom for 2017. Målprisen blir delt ut med litt ujamne mellomrom til kandidatar som vi gjerne vil vere med og synleggjere og heidre.

Prisvinnaren i 2017 er kjent som en uvanleg dyktig fotograf. Men Heimbygdlaget har også festa seg ved at han er ein reflektert språkbrukar. Som engelsk tilflyttar til Surnadal  har han forstått at det lokale talespråket ligg nært opp til nynorsk, og at nynorsk er det naturlege skriftspråket også i marknadsføring og presentasjon av portrett og bilde elles, mellom anna i hans faste spalte i avisa "Driva." 

Det er svært viktig at språket er synleg, og at det viser seg som eit godt bruksmål på alle område av samfunnslivet. Heimbygdlaget vil med dette takke prisvinnaren for den viktige innsatsen han gjer, og vonar at fleire etter kvart vil vere med og sørgje for at det målet folk talar på Indre Nordmøre, i enda større grad blir spegla av mellom anna i avisspalter og forretningsspråk.

Prisvinnar 2017 er fotograf Nathan W. Lediard.

- No vart eg faktisk mållaus, og det er sanneleg ikkje ofte, sa ein glad og overraska prisvinnar etter overrekkinga. 

nathan lediard trygve roaldset målprisvinnar_690x561.jpg
Prisvinnar Nathan Lediard og leiar i Surnadal Heimbygdlag, Trygve Roaldset