IMGP4729

Mykje folk og bra omsetning

Surnadal Husflidslag arrangerte husflidsmesse i Sagatun denne laurdagen. Det var mange utstillarar med mykje fint handtverk. Frå kjøkenet kunne vi meske oss med kaffe og kaker, rømmegraut og dravle!

 


Vi kjem knapt innom dørene på Sagatun før dei utstilte husflidsprodukta møter oss

Utstillinga denne laurdagen hadde vore svært godt besøk, fortalde utstillarane, som var godt fornøgd med salget. Det var stunder at folk gjekk i kø rundt i salen. Reknar med at mange gjorde unna noko julehandel!

 

Surnadal Husflidslag er eit aktivt lag.  I klubbhuset deira på Nymoen er det aktivitetar mesta kvar kveld. Akkurat no kunngjer dei eit nybegynnarkurs i lappeteknikk som har påmelding til Hildegunn, tlf.480 32 508.

 

Ledaren i laget, Torunn Nordvik, listar opp desse kursa som husflidslaget har igang: kvitsaumkurs, skinnfellkurs, nissekurs. Veving og lappeteknikkurs går heile året, og vår og haust har dei Barnas arbeidstue med 25 - 30 deltakarar.


Styreledar Torunn Nordvik omkransa av styremedlemmer og aktive husflidsmedlemmer på Sagatun: frå venstre: Anne Marie Moen, Oddbjørg Sveen, ledaren, Hildegunn Stengel, Dagny Garte og Solveig Fiske.


Herborg og Walter Slettås var plassert straks innom døra med   hardangersaum , såpe og honning frå eigne bier. Denne sommaren hadde vore elendig for biene, men lyngtrekket var godt, så Walter anbefalte honningen.


Gunnhild Kvendset og Aud Inger Moe sa dei hadde hatt enormt salg av produkta dei hadde strikka og vevd.


I eit hjørne satt Tordis Sveen med nissane sine!


Torill Kvisvik strikka fortsatt og anbefalte vintertrusa vi ser i forgrunnen til Trollheimsportens utsendte!


I tillegg til mange fine smykke hadde Åshild Sørvik Moen desse retro handleveskene laga av kaffiposar! Reknar med at det må ligge ein stor familie bak råstoffet til denne produksjonen!

 

 

 

Tormod Hoel frå Løkken hadde fylt reolar på scena med treprodukta sine