Picasa

Arena:Kirke

Musikalsk sjeleføde i Øvre Rindal kapell

Dei to musikalske veteranane Tor Strand og Ola Bræin gav tilhørarane ei fin musikkoppleving i kapellet. Musikarane lika seg også, Bræin gav kapellet denne attesten: - det fortjener å kallast kjerkje!

Tor Strand ved kapellorgelet_690x457.jpg

Første avdeling vart spela frå galleriet med orgelet som akkompagnement. Vi fekk ei avdeling med folketonar frå Nordmøre arrangert av Henning Sommerro. Avdelinga tona ut med rindalsmelodiane Ak mon min vei til Kanaan og Se solens skjønne lys og prakt, den siste arrangert av Trond Kverno.

Ola Bræin kapellet_690x502.jpg

Som overgang til pianoavdelinga spela Tor Strand Julverset frå Stangvik, Et lite barn så lystelig, i eit arrangement av Edvard Bræin.

 

Med pianoakkompagnement fekk vi først høre Liten Spelmannssuite for munnspill og piano arrangert for Ola Bræin av Henning Sommerro. Den siste – Herre, se den vesle glede var heilt i Hennings gladdrakt!

Ola Bræin i kapellet_690x379.jpg

Ola Bræin fortalte at han hadde vore på munnspillseminar med både Sigmund Groven og den verdskjente munnspillvirtousen Tommy Reilly og lært mykje av dei. Der møtte han også arrangøren til Tommy Reilly, James Moody, og nettopp Moody hadde arrangert neste nordmørsmelodi for Ola Bræin.

 

Vi fekk vere med ein tur tvers over Trollheimen, til Oppdal, og fekk høre Tor Strands arrangement av ein oppdalsmelodi på Kirken den er et gammelt hus. Tor Strand fornya både melodien og kirka med swingande mellomspill!

 

Sist på programmet stod Kjærlighetsvise frå Virumdalen, Ålvundeid i lett oppjazza versjon. Med Srands arrangement smaug dei mjuke munnspilltonane inn under huda vår. At teksta visstnok er 10 vers med juling og filleristing av ein dårleg kavaler merka vi ikkje.

 

Som ekstranummer fekk vi ein melodi etter Ola Romundstad frå Rindal, «Gammelorganisten».

- Den kan dokk vårrå stolt av, sa Ola Bræin til forsamlinga i kapellet, der fleire av etterkommarane til Romundstad var.