tp_leserinnlegg

Møteplass med "alle rettigheter"?

- På denne møtestaden legg no kommunen opp til «Kult-kafe» open for alle, og med øl- og vinservering! Det er ikkje til å tru, i ein kommune som mellom anna ligg blant dei høgaste på Ung-data statistikken i fylket over ungdom med stort alkohol- og narkotika-bruk, skriv Eivind Hasle. Les heile lesarinnlegget.

MØTEPLASS MED «ALLE RETTIGHETER»?

«Driva» 27/4-18 gir forklaringa på at kommunestyremøtereferatet frå 5/4 mangla omtale av  behandling av saka om samarbeidsavtalen mellom Surnadal kommune og Vårsøg hotell (PS 27/18). Sjølvsagt er det stor lokal interesse for korleis kommunen forvaltar den viktigaste møteplassen i kommunesenteret. Dette er ikkje primært resepsjon for Vårsøg hotell, men fylkets «største og flottaste» busshaldeplass, inngangsparti for skoleungar og ungdom som skal på kulturskole eller skolearrangement, for bibliotekbesøkande og kino- og teatervener eller folk som skal sjå kunstutstillingar eller delta på samfunnsdebattar. Dei fleste av oss ønsker at denne møteplassen skal vere ein aktiv stad, eit ope hus og ein rusfri møteplass – på tvers av aldersgrensene.

Og på denne møtestaden legg no kommunen opp til «Kult-kafe» open for alle, og med øl- og vinservering!

Det er ikkje til å tru, i ein kommune som m.a. ligg blant dei høgaste på Ung-data statistikken i fylket over ungdom med stort alkohol- og narkotika-bruk, og i ein kommune som gjerne gjer til kjenne at han arbeider seriøst med folkehelseproblem.

Av same avis kan ein sjå at det er Astrid Willa Eide Hoem som skal halde talen for dagen i foajeen på Surnadal kulturhus 1.mai. Som Utøya-overlevande og framståande ungdoms-politikar i DNA er det er kjekt å sjå at ho får sjansen til å gjere seg ekstra godt kjent med korleis hennar politikarkollegaer i Surnadal styrer ruspolitikken og forvaltar dei viktige rusfrie møteplassane!

Eivind Hasle
Medlem av M&R fylkes Rusforebyggingsgruppe God Helse.