Picasa

Møbel-Fiskja

Det har lenge vore strid om stadnamnet Fiskja skal vere slik det er i dag eller om ein skal få tilbake det gamle Fiske, og namnesak er alt igang. No har Møbel-Fiske i Surnadal fått 3 veker på seg til å endre firmalogoen til Møbel-Fiskja, kan Jarle Fiske fortelje.

 

 

Møbel-Fiske har fått melding om at eit EU-direktiv krev at varemerke med stadnamn skal ha namn som samsvarer med godkjente kartnamn, og slik er det ikkje no.

 

- Det er rein galskap at det skal ende slik, og det er meiningslaust å endre namnet til noko "ingen" vil ha, seier Jarle Fiske til Trollheimsporten.

 

Ei total kostnadsråme på endring av logo på faktureringspapir, stempel, bilreklame, emballasje osv. vil bli på rundt 300 000 kroner. Vi har søkt konsulenthjelp frå Marte Helgetun, og vi håper no at lesarane av Trollheimsporten kan komme med innspel til korleis den nye logoen skal sjå ut, for fristen er kort.

 

Vi ønskjer også å høyre kva folk meiner om at firmaet altså kan bli omdøpt til "Møbel-Fiskja". Kontakt oss på Møbel-Fiske på den nye epostadressa jarle@mobelfiskja.com eller Marte Helgetun direkte på tlf.930 22 838, seier Jarle Fiske til Trollheimsporten tidleg i dag.

 

Klikk her for å sjå dei forslaga som er komne inn til no!
 

Jarle Fiske, som inntil vidare får kalle seg "Fiske" fordi det står i Kyrkjeboka som står over andre lover og direktiv enn så lenge, tykkjer kravet om namneendring er meiningslaust!

 

Uttalefrist til Surnadal kommune i namnesaka om skrivemåten av namnet til gardsnummer 6 i Surnadal kommune er 5.april.