Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Gå til galleriet
Søndag
Søndag Skyet
-4°
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Regn
Regn
Flau vind

Midtnorges første heilelektroniske parkometer

Torsdag vart det opna elektronisk betalingsterminal på parkeringsplassen på Skavlia ved Hølstøen i Rindal. All betaling av kjøring etter Hølstovegen og parkering på Skavlia skal no betalast med bankkort med chip/bank axess, som er den sikraste elektroniske betalingsmåten. No blir skjærebrennar unødvendig, for det er ingen kontantar å bryte seg inn for å ta her.

Trollheimsportens utsendte fekk vere den første til å ta i bruk den nye parkeringsautomaten, og fekk super opningstilbudspris. Betalingsterminalen er utstyrt med instruktiv tekst for inntasting av vegavgift og parkering. Parkeringsavgifta gjeld berre vintersesongen for å dekke brøytinga av plassen, og du betaler for kvar dag.

 

 Det er elektronikkbedrifta El-Watch AS i Bjergin industriområde i Rindal som har utvikla denne betalingsterminalen. Dei har levert liknande til sjølbetjente bilvaskeanlegg frå før, fortel dagleg ledar Tor Øystein Skjærmo til Trollheimsporten.

Dei har også utvikla ein betalingsterminal for sjølbetjente solstudio. Ei solstudiokjede har bestilt 20 terminalar pr år framover. Det ser ut som om El-Watch kom på markedet i rett tid med produkta sine.

Dette produktet som dei kallar JustCARD bank axept betalingshandteringssystem, er ei komplett løysing for å kople ein kortlesar til ei maskin. El-Watch har som ein av veldig få i landet ei godkjent løysing for bruk av bank axept kort.

Les meir om dette og om El-Watch på El-Watch sine heimmesider.

Sjå også heimesidene til Helgetunmarka. Både Helgetunmarka og El-Watch er medlemmer av Trollheimsporten!

IMGP8978
Grunneigar Harald Helgetun viser stolt fra betalingsterminalen som Hallvard Helgetun frå El-Watch har vore med og motert
IMGP8977
Slik ser betalingsterminalen ut
IMGP8986
Utviklaren til El-Watch, Nils Arve Hyldbakk, viser oss den sjølbetjente betalingsterminalen dei har utvikla for solstudio
IMGP8986-1
Nærbilde av betalingsterminalen med berøringsskjermen der dei ulike valga kan leggast inn
  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no