Messe a Tradisjon

Messe under blå himmel

Mange fann vegen til strandmessa i Bøfjorden søndag. Med bjørkekors, altar av kaggar og laksenot og med sjøen som næraste nabo gav den vakre husmannsplassen Bøkleppnausta ein ny dimensjon til preike, dåp og salmesong.

Tekst og foto: Bernt G Bøe

Gunda Bele sørga for klokkeklang over fjorden før og etter gudstenesta. Sokneprest Kristin Strand preika om tilgjeving og den nye starten det kan bety i ulike livsfaser. Vesle Anne vart døypt, og dagens takkoffer gjekk til misjonsarbeidet i Etiopia.

I tilknyting til dette orienterte lokal kontakt for Det Norske Misjonsselskap, Arne Drøpping, om prosjektsamarbeidet som kyrkjelydane i Surnadal har med NMS om tiltak i Etiopia.

Folk kom med sykkel, båt, til fots og med bil til samlinga. Og soknerådet serverte saft og kaffe ved strandkanten før dei 70-80 deltakarane tok på heimveg.

Messe b Prest KrS.jpg
Sokneprest Kristin Strand ved det særprega altarpartiet ved fjorden.

Messe c Dåpsbarn.jpg
Dåpsbarnet Anne vart presentert som nyaste tilvekst i kyrkjelyden.

Messe d Gunda.jpg
Gunda bruka skåkbjella frå museet som kyrkjeklokke.