Ingeborg Myrvang, Terje Nordvik foto Jens O E Moe

Meir handel i Todalen

- Vi er avhengig av lokalbefolkninga for å overleve. Det seier butikksjef Terje Nordvik når Trollheimsporten møter han over ein kopp kaffe på Matkroken Todalen. Etter at butikken på Kvanne la ned drifta har fleire av dei som handla der begynt å handle i Todalen.

Tekst og foto: Jens Olav Edvardsson Moe.

 

Butikken blei starta opp i 1912, da på Todalsøra med Lars Hals som drivar. Terje er tredje generasjon drivar. Han tok over i 1984 og starta da opp på Kvennset, der butikken er i dag. No i dag omsett Matkroken Todalen for 9 millionar i året på daglegvarer. I tillegg sel dei drivstoff og landbruksvarer.

- Juli er den månaden vi omsett mest. Vi har da femti prosent auking på omsetning sammenlikna med ein vanleg månad, seier Terje.

På drivstoff omsett dei rundt 3 millionar i året. Midt-norsk olje leverer drivstoff omtrent annakvar veke.

- Heilt fenomenal service, meiner Terje.

 

Butikken er viktig

Etter at butikken på Kvanne la ned drifta har fleire av dei som handla der begynt å handle i Todalen. Terje trur at både folk i bygda og på Kvanne fekk seg ein vekkjar da og begynte å handle meir i Todalen for å unngå at det same skal skje her. I år leverer Matkroken Todalen varer til Stangvikfestivalen og Søyacupen, noko Terje syns er gøy og viktig for å holde butikken gåande.

- Butikken er utruleg viktig for bygda og vi er avhengig av at folk handlar hos oss, noko dei fleste gjer. Vi skal ikkje mykje ned i omsetting før vi får problem vi også, seier Terje.

 

Todalsdagen

Om ei drøy veke er det duka for Todalsdagen, ein dag full av fotballglede, og med mosjonsløpet Ræta Opp, loppemarked, god mat og god stemning. Terje er sjef for G12-turneringa på Todalsdagen, noko han har vore heilt sia oppstarten. Han byrjar å ringe rundt allerede i januar for å få 10 lag på plass til "Verdsmeisterskapet i lillegutt" går av stabelen 30. juni. Det er både lag frå Nordmøre, Molde og Trøndelag som stiller år etter år.

 

Framtida

Når det gjeld framtida er Terje usikker på kor lenge han kjem til å holde på, men trur det iallfall blir 10 år til før han gir seg og nokon andre må drive vidare.

- Eg kjem til å drive til eg blir 75 år, så lenge folk støttar oss og vi går i pluss.

 

Foto øvst: Ingeborg Myrvang og sonen Fredrik handlar ofte på nærbutikken.

Terje Nordvik foto Jens O E Moe.JPG

Handelsmann Terje Norvik på kontoret.

Todalssouvenir.JPG

Todalssouvenirer er sjølvsagt å få kjøpt.