Meditasjonar langs elva

9. juli 1967 kasta Hans Hyldbakk seg på sykkelen og tok ein tur på nordsida av Surna. Nøyaktig 51 år seinare gjorde vi det same.

Hyldbakk, som i år ville vore ein 120 år gamal "tulling på trøsykkel", ga i 1971 ut boka Streiftog i bygda. Det er i denne vi fant teksten Meditasjonar langs elva, som underteikna lot seg inspirere til sjølv å vere tulling på trøsykkel for ein dag. Teksten er gjengjeve i sin heilskap nedafor, akkompagnert med underteiknas bileter frå nokre av dei stadane Hyldbakk nemner i teksten.

 

Eg legg merke til at mange av jamaldringane mine kjøper seg ein moped og fer som eit olja lyn oppover bygda. Det er slett ikkje rett av meg å fordømme dei for dette påfunnet, for mange av dei har ikkje sett bygda før, og mopeden er ein tenleg ting for den som har ilt i hoftene til å koma seg ut frå kjerring og unger og vera sin eigen herre ein time eller to.

Men at moped og motoriserte farkostar er det rette midlet til å meditere og mosjonere på, det vil eg nekte så langt eg rekk. For å ta seg en billeg tur utabygdes er bensinen uvurderlig, men for å lære heimbygda å kjenne er trøsykkelen langt overlegen.

Eg var 25 år gamal da eg fekk første sykkelen min, og den eg no har, er den andre. Den fekk eg etter han far, og no er han tretti år gamal. Om søndagsmorgonen når sommarsola glyttar inn gjennom kammersglaset og vekkjer meg til ein stor og rik dag, takkar eg Vårherre for at eg eig den gamle trøsykkelen hans far, og eg kjenner meg glad som ein gutunge i den visse vonda at no skal eg sykle sælt og sikturlig min gamle føremiddagstur oppover bygda på nordsida av elva.

Eg vil rå alle fredelege menneske til å sykle nordafor elva. Der er lite ferdsle, så der rår enno ein grann av den gamle helgedagsfreden, som vi kjenner frå barndomstida. Der finst det enno kleivar med straumstille høler innunder landet, og der ser du bygda og knykbarmen frå fagraste sida. Den nye riksvegen tek no bort alle kleivane på sørsida og gjer det litt trist og utonsleg å fara oppover bygda.

Siste søndagen tok eg meg ein slik føremiddagstur oppover bygda. For å gjera dagen historisk kjend kan eg fortelje at det var den niande juli anno 1967. Så kan framtidige lokalhistoriefolk notere seg dette dagtalet og fortelje til borna sine at den dagen for siste tullingen på trøsykkel på nordsida av Surna. Og det var han som bygde husa sine oppi skogen i staden for å sokne til kloakknettet der nede på Skei.

Prestøya kalla vi den gamle vegen austafor brua i farne tider. Der vaks olderskogen tett innåt vegen, og einaste faret etter menneske der var dei gamle tuftene i Kyta. Lenge stod restene av den gamle låvekloppa her nedafor vegen, og i kjellarholet ovafor vegen stod bringen og brønnhøttu og vitna om folket som fór til Amerika. No er alt jamna med jorda; men eg kan ikkje glømme den dagen husmannskjerringa og borna hennar var heime hos mor mi og tok far vel da dei skulle fara her ifrå.

Prestøya.JPG

Fra Prestøya, mot pilarane etter gamalbrua.

Lenger aust må ein sette sykkelen ifrå seg og meditere litt ved Bergheimshølen. Det står ein liten gråstein her ovafor vegen, og den kan du sette deg på og gjera deg god tid. Her kjem elva imot deg tvers over dalen, og straumen brest og brotnar i stillsleg bae innunder berget. Bortafor står olderskogen som ein sval palmelund over den kvite elveøra, og attafor alt ligg austre Skeisgarden innunder Kobbhaugen.

Eg sit og mediterar og minnest da eg som liten gutunge sprang berrføtt på steinøra og leita etter skjel og rare steinar, som eg bar heim og leika meg med.

Sykkel Bergheimshølen690.jpg

Bergheimshølen.

Så kjem eg til Hermundbakken. Ingen annan stad ser du så rik vegetasjon med alle slag blomster i solbakken: røllik, prestekrage, kvitkløver og musertegras, marikåpe og blåbjølle.

Tomme og audslege står husa også i Hermundbakken. Jo og Maret kviler for lenge sia på kjerkegarden. Men det var hugnadsamt å koma dit den tida dei levde, og ein slapp å banke på døra og tørke lorten av skosolane før ein steig inn i stua. Her var ingen ambisjonar eller prestisje og ingen flytt bort til grannen for å apa etter den polerte kulturen. Naturlege folk med naturlege vanar – og naturleg ligg bakken med blomster i blømande julidagen og sol over sæle minne.

Hermundbakkan3690.jpg

Hermundbakken. Det er ikkje mange blomster igjen - og husa til Jo og Maret er for lengst borte. Dei sto der Telstadvegen flatar ut, øvst i biletet.

Eg syklar vidare forbi Tellesbøgarden, der eg var gjætargut i Negard i to somrar. Eg minnest ho Maret som song med så vakkert eit mål, og hyllkakene i Trøa dei dagane eg gjætte for dei. Så kjem eg til Pellhølen, der elva atter går still under berget, og hytta hans Nils ligg som ein fredeleg bungalov i bukta innmed ei sval elvestrand.

Negard Tellesbø Trøan690.jpg

Negard Tellesbø.

Hytta hans Nils.JPG

Hytta hans Nils.

Det har forundra meg ofte at folk skryter av denne bygda fordi her er så mange nye hus og velstelte heimar. Alt slikt er forgjengelege ting som skiftar med pengar og velstand. Men det som er det opphavlege og evige, det skifter ikkje så snøgt. Elva som renn innunder berget, ørane og olderskogen, undøyar og evjefar, det er dei velkjende milde og moderlege drag i ansiktet åt ei som aldri blir ansleis, same kor mykje dei balar og byggjer.

Har du som rasar frem på mopeden, teke deg tid til å stanse ved den gamle ferjestøa austafor Litlenga? Har du sett dei mange små fiskegyttene på hin side Jordan og ferjene på sandøra der? Og skimten av Soggegardane innunder ei brei knykbarm? Det er ein av dei aller vakraste stadene i bygda, og kan mesta måle seg med elva i Skeishola.

Men slikt har ikkje folk tid til å hefte seg med. Dei stirer beint fram i vegen og har berre målet i sikte. Alt det som ligg imellom blir øydemark og ingen ting å hefte seg ved. Lærer dei bygda å kjenne?

Litlenga.JPG

Litlenga.

Det står ein steinbenk austi Krangneskleiva. Gudane veit kva for gode menneske som har sett han opp. Men her er godt å sette frå seg trøsykkelen og kvile. Bortafor elva ser eg Teigan. Der tente eg hos han Jo det året eg gjekk for presten. Der var eg enno så barnsleg at eg bygde steinhus oppi urdene og gjekk på Vollen om kveldane og teikna hus åt han Lars. Knyken reiser seg bratt og brei ovafor ufsene og er den same som før, og Honnstadbekken breier sitt brudeslør nedetter berga og er enno den fagraste fossen i bygda. Merkeleg at turistane ikkje har vorte vars han.

Eg sit her og ser på elva, kor rein og glasklår ho renn no i seinsommardagen. Himmelen speglar seg i henne, og gjennomsynleg er ho alt ned til botnen. I vår var ho grumsa og gruggen og full av moe innunder melane. No har ho klårna og ligg og ventar på haustkvelden. Tung og tagall sig ho langs ørane for å søkje sin os i det evige opphav.

Bortafor elva ser eg fossen i Honnstadbekken. No er han tunn og makteslaus. Snøbreane oppi Heggeskaret har ikkje meir å mate han opp med, men når han er på sitt beste, veit eg ingen som er vakrare enn han her i bygda.

Honnstadbekken fra nordsida.JPG

Fra nordsida er det ikkje lett å nyte synet av fossen i Honnstadbekken utan at kraftlinene skiplar utsikta...

Honnstadbekken690.jpg

...men vi kan anbefale å ta turen til andre sida av elva for å ta fossen i nærare augesyn.

Og der ligg Honnstadgardane, som var litt tess den gongen folk fekk sjå dei frå den gamle allmannvegen. Men no er den nye riksvegen lagt oppmed sommarfjøsa, så vi ser berre baksida av dei. Bygdefolket er også lagt på baksida. Dei får vederlag i pengar for skandert innmark og tykkjer alt står herleg til. Men på hausthåa innmed Honnstadporten vandrar sjelene åt dei gamle bondelensmennene og prøver å kjenne seg att.

Kven er det som gir akt på dei no når potetene står høgt i pris og skurtrøska legg åttiøres mælingskur bak seg og let halmen brenne som likbål over bygda?

Eg reiser meg og syklar vidare austetter Mogstadkleivane. På høgre sida mi ligg Fettane som ei stor og grøderik halvøy, enno høyrande Honnstad til. Her gjekk vi og skåra i slåttonna fire mann etter kvarandre. Det var seksti mål med naturleg øyaeng å slå og det slo vi med ljå alt i hop. Og enda var det berre det som høyrde Austigarden til. På heimegjerda slo vi like mykje med ljåen. Her i Fettane hadde det aldri vore sett plog i jorda, men like vel hausta vi største grøda her, både med kufór og karve. For her var det som i Egypti land at Nilen gjekk over engene og la sitt fruktbare slam att på vollane. På heimeekrene kunne det gjerne vera berre seks såter på seks meling åkerjord. Det var naturen som gjorde underverket!

Fettane2.JPG

Fettane.

Galthølen og fiskarstøene innmed Gulla og Svean manar også til ettertanke. Dei tek til å bli skeiv i akslene, dei gamle husa på Gulla no. Men den tida Sandemann sat her med sin portvin og heldt den store vinmagen sin i hop med band og gummimeiser, var det sanneleg ikkje kvardagen som tyngde. Det var ikkje så ulikt med lady Arbuthnot på Løykja i Sunndalen.

Sandemann hadde lyst til å sjå ungdomen frå bygda samla på Gulla i helgane. Da var det kappleikar og taugdraging, og rikfolka trøydde seg med å sjå at ungdommen sprang opp og ned til lysthuset i Gullaslia for å få premie. Han Gustav sprang opp og ned på 10 minutt og fekk førstepremi.

Sandemann hadde båtnaustet sitt nedmed Wichberghusa på Øra, og der låg lystseglarbåten hans. Han hadde to svarte hestar, King og Keisar, og kvar dagen køyrde han i firhjula trille nedover for å sigle seg en tur.

Ein gong, er det sagt, glømte han ei vinkorg i Kristiansund, men da fekk han ein båt dei kalla for Laila til å kjøre innover med korga.

Når dei bar fram posten til Sandemann, strauk dei han først med strykejarn, så han skulle vera fin og glatt. Deretter serverte dei posten hans på sølvbrett. Drakk dei vin eller brennevin, kasserte dei allveg det som var att på flaska, om dei så drakk berre nokre få drammar. Såleis vart det mykje att åt tjenestefolka og ungdommen. Og spela dei kort, så vart aldri same kortstokken bruka meir enn ein gong.

Ein som heitte Lemvig var rådsdreng åt Sandemann og vart att der etter hans tid. Da var det storveies med drikking. Det er sagt at dei etterpå sette mange grøfter berre med tomflasker.

Det er bra at den som er tørst, ikkje levde den tida.

Gulla690.jpg

Gulla.

Lenger oppi Sveahølen dreiv han godeste «Gammel-Pe Trøå» og han Lars Myrå oppi Moen og rodde engelskmennene. Sistnemnde var ein kristeleg høgremann, men i skåpen sin var han aldri lens for ein ekte skotsk whisky, som han hadde fått av engelskmennene.

Same velstandet var det også hos dei som var rorskarar til Whitmore på Harang, seier dei gamle.

Elva siklar like haustblid innmed elvemelen og seier ingen ting om slikt. Men der Vindøla møter storelva nedafor Holten, stod bjørnejegeren Anders Stobakken så mang ei natt og drog laksane sine på land.

No er dei borte, både han Anders og engelskmennene. Eg sit i Sveiakleiva og mediterar. For her renn elva så stilt innmed landet og ein ser så mangt som ein aldri får sjå når ein fer etter dei nye asfalterte vegane. Eg ser Høgkleiva og Nyvegen oppi Røvsliene, eg ser flaugene innover til Vindøldalen, der storfløtaren Anders Stoen fekk nedsenka ein kagge åt seg da han heldt på som hardast og løyste tømmerfloken inni ufsene.

Men no er elva lita og lyslett, og ingenting kjem til å hende meir langs melane her. Like vel er det godt å ha ein gamal trøsykkel og sykle oppover bygda og hefte på når det høver. Det er ikkje så mange som tek seg tid til det no.

Vindøla møter Surna.JPG

Vindøla møter storelva nedafor Holten.

 

Mange takk til kjentmann Kristin Wiig, alle dei eg møtte på veien og måtte spørre om hjelp, og ein særleg takk til Kjell Lund og Oddbjørg Tellesbø Sæter som held gjestfridommen i hevd i Negard Tellesbø!

Benk på Øye690
Ein nedgrodd benk på Øye gir plass til meditasjonar langs elva..
Kleivahølen
Nær Kleivahølen.
Litlflønet
Fagert på Litlflønet.
Nyvegen
Nyvegen ligg ovanfrå Røv på sørsida av elva.
Nær Krangneskleiva