solveig haglund hovedbilde

Med hjerte for lokalmat og bygdeutvikling

Solveig Haglund ved Oppistua Øye let seg motivere av godt samarbeid, lokal verdiskapning og eit brennande ønske om å sørge for at folk får gode opplevingar med-, nærleik til- og kunnskap om gardsdrift. No vil ho utvikle garden vidare.

Med Oppistua Øye som grunnlag, har Solveig Haglund utvikla eit breitt spekter aktivitetar og tilbod – hovudsakeleg med gardsdrift og økologisk grøntproduksjon i sentrum.

Ein ting er at ho driv ein økologisk, Debio-godkjent, produksjon sjølv. I tillegg er ho Inn på tunet-bonde, og med støtte frå Innovasjon Norge, og hjelp til planlegging og utforming frå Matnavet på Mære, har Solveig og fått bygd eit imponerande eldhus på garden på Øyamoan i Surnadal.

Eldhuset stod ferdig 2018, og formålet med lokala er å foredle grønnsakene Solveig dyrkar på garden.

– Gjennom eldhuset vil eg formidle at ein må vere bevisste på at ein både kan spise og dyrke veldig mykje lokal mat. For meg er det stor motivasjon i at det er fullt muleg å dyrke veldig mykje forskjellig her i Surnadal.

Ho trur at verdiskapinga ved å dyrke lokal mat blir endå større dersom folk og kan få maten servert i nærleiken av der den er produsert. Difor satsar ho på å kombinere lokal mat og aktivitetar, for å på denne måten skape gode opplevingar for dei som besøker eldhuset og Oppistua Øye.

– Når eg tek imot grupper her, startar vi gjerne med aktivitetar som quiz, omvisning i grønnsakshagen eller liknande. Så samlast ein rundt eit godt måltid til slutt, gjerne med eld i bålpanner utanfor glasveggane her, slik at ein nesten får litt leirbål-kjensle, seier ho, og legg til:

– Det handlar om opplevinga ein vil gje dei som kjem på besøk, og eg har tru på denne kombinasjonen.

Solveig fortel at ho og leiger ut eldhuset til selskapelegheiter.

– Då kan folk få ordne heilt sjølv, viss dei vil det. Dei treng ikkje ha meg gåande rundt her, ler ho.

Haglund ser for seg at eldhuset kan vere ein fin arena både for bedrifter, private samlingar og tilreisande turistar.

– Eg ser mellom anna for meg å lage opplegg for folk som treng at ting er litt lagt til rette, og her er det universelt utforma, og ein kan køyre heilt bort til døra. Eldhuset er eit fleksibelt, stort rom, som kan passe både til store og mindre grupper, til møter og kurs.

Gardsdrifta vil naturleg nok stå sentralt også i denne typen opplegg.

– Her kan folk få høyre om gardshistorie og produksjon, og samtidig få servert lokal mat, som dei kanskje til og med har vore med og hausta inn, eller i alle fall prøvesmaka på, legg ho til.


Vil auke aktivitetsnivået på garden

Tidlegare i haust var Matnavet frå Mære på plass i eldhuset, der dei heldt fermenteringskurs.

– Det er heilt etter mitt hjerte, for fermentering er viktig for at grønsakene skal halde lenger og betre.

Og at utviklinga på garden skjer i tråd med hennar hjerte, er viktig for Solveig.

– Vi kan utvide mykje, for det er meir enn nok jord her, men eg må drive med utvikling som har klangbotn i det eg er interessert i, seier ho.

Solveig trekkjer fram grøn produksjon og berekraftig utnytting av ressursane på garden som store interesser, og held fram:

– I dag dyrkar vi jo både grønsaker, urter, frukt og spiseblomster her på garden, men det er likevel potet og gras vi dyrkar mest av. Likevel er det ingen tvil om at hjertet mitt ligg nærast trillebår og handproduksjon, smiler ho.

Haglund håpar å kunne starte opp ein såkalla parsellhage, der folk kan leige seg ein jordbit, og der alle som leiger kan dyrke ting ilag.

– Poenget er at det blir ein sosial arena der fleire kan dyrke det dei ønskjer. Samtidig vil det auke aktivitetsnivået på garden, og når ein er sjølvstendig næringsdrivande må ein drive med utvikling og ha mange ballar i lufta heile tida, seier ho, og fortsett:

– Det er allereie fleire som har meldt interesse for ein slik parsellhage, der folk kan komme og gå litt som dei vil. Kanskje kunne vi då bruka eldhuset til sosiale treff, og fått til ein torsdagscafé eller liknande. Då er ein med ein gong over på bygdeutvikling, og det er viktig for meg.

Solveig, som opprinneleg kjem frå Løten og er utdanna kjemikar, fortel at ho som innflyttar føler litt ansvar for å formidle det surnadalske best muleg.

– Ein må vere glad i vere vert, dersom ein skal drive med å ta imot folk på denne måten. Surnadal har historisk sett hatt kultur for godt vertskap, så då blir det stilt krav til kunnskap om natur- og kulturverdiar.
 

Rosar RISS-prosjekt

I og med at Solveig Haglund ser for seg å halde mange ulike kurs innan mat og dyrking, understrekar ho viktigheita av gode samarbeidspartnarar.

Ho er med på Innveno AS sitt RISS-prosjekt, saman med ei rekkje andre lokale bedrifter som og ønskjer å satse på å levere verdifulle opplevingar og produkt både til lokalbefolkning og tilreisande.

RISS er rett og slett eit prosessverktøy for utvikling av opplevingar og kommunikasjon, og hjelper til med å vidareutvikle regionale produkt og konsept, samtidig som det legg til rette for samarbeid mellom deltakarane.

I slutten av november vart den andre av seks samlingar gjennomført, og då var alle deltakarane samla nettopp hos i eldhuset til Solveig Haglund.

– Det er viktig å ta seg tid til å reflektere, og for meg passar det veldig godt å vere med på noko slikt no, når eg har bestemt meg for at eg har lyst til å satse på å utvikle garden vidare.

Haglund er klar på at det er viktig å sjå kva mulegheiter ein har rundt seg.

– Ein god samarbeidspartnar kan vere like rundt svingen, utan at ein har sett den. Eg trur det tradisjonelt sett har vore slik i Surnadal, at ein har hjulpe kvarandre. Ein kan sjølvsagt ikkje samarbeid med alle, men med mange. Det gjeld å finne sine, som ein kan samarbeide tett med.

For Solveig har Britt Grete Moen, som står bak «Furkunnjmat»-bøkene, vorte ein nær og viktig samarbeidspartnar, og ho trekkjer og fram Helga Bele frå Bele Jostua.

– Det er gull verdt med gode samarbeidspartnarar. Då har ein nokon å diskutere med, og å søke trøst hos på litt tyngre dagar, i staden for å stå åleine.

Haglund meiner RISS gjer det enklare for deltakarane å både framsnakke- og bruke kvarandre.

– Gjennom RISS møter eg andre eg kan selge grønnsaker til, og får eg besøk her, kan eg formidle til dei besøkande mellom anna at vi har hotell for overnatting, ein kjempefin restaurant i Svinvika, at dei kan få flotte opplevingar gjennom iTrollheimen og at det finst ei kjerring som driv med «Furkunnjmat», ler Solveig, og legg til:

– Det gjer rett og slett av vi alle kan peike meir på kvarandre. Det er vinn-vinn, på alle vis.

Britt Grete Moen og Solveig Haglund.jpg
Britt Grete Moen (t.v.) og Solveig Haglund serverer lunsj under RISS-samlinga i eldhuset på Oppistua Øye i slutten av november.
 

Felles utvikling av lokale historier

Som med eldhuset ved Oppistua Øye, er og Innveno sitt RISS-prosjekt er godt støtta av Innovasjon Norge. I tillegg er både SuSu, Rindal kommune og Visit Nordmøre og Romsdal (Visit Nordvest) inne på sponsorsida, og det same er store bedrifter som Svorka, Gjensidige Surnadal og Pipelife.

Olav Thon, Lars Løseth og Lars Ove Løseth er og med som sponsorar, gjennom eigedomsselskapet til Thon Hotel Surnadal.

Samlinga i slutten av november handla om å konkretisere bedriftene sine eigne historier, og deltakarane vart utfordra til å reflektere rundt eigne mulegheiter og historier.

I tillegg var samarbeid, både generelt og på lokalt nivå, eit sentralt tema.

Solveig Haglund er glad for at ho vart med på prosjektet:

– Eg likar RISS-samlingane veldig godt, og trur dette blir bra. Vi som er med er nok litt utålmodige, på den måten at vi har litt hastverk med å komme fram til salgbare konsept. Det er dit vi skal, og når vi kjem dit har vi eit sterkt grunnlag, gjennom felles utvikling av lokale historier og konsept.

RISS-samling fellesbilde.jpg
Solveig Haglund (nærast kameraet, til høgre) utbringar ein skål - i heimelaga saft, sjølvsagt - saman med dei andre RISS-deltakarane.
 

– Ein utruleg artig og viktig jobb

For mange er Solveig Haglund kanskje mest kjent via konseptet «Inn på tunet», som er tilrettelagte velferdstenester, med utgangspunkt i garden og livet på garden.

– Målet er at opplevingane skal gje mestring, trivsel og utvikling for dei som kjem hit, seier Solveig.

Ho fortel at heile klassar frå Øye skule kjem og brukar garden som klasserom, medan helseeininga i kommunen har bruka tilbodet til å tilby dagaktivitetar til heimebuande personar med demens, heilt sidan 2012.

Dette dagaktivitetstilbodet, som både Oppistua Øye og Bele Jostua tilbyr, vert lovpålagt frå 1. januar 2020.

Gjennom «Inn på tunet» har Solveig og gjeve tilbod til busette flyktningar, med språktrening, og ho har og så vidt hatt folk innom på arbeidstrening.

– Alle desse tilboda er veldig meiningsfylte, og når ein jobbar som «Inn på tunet»-bonde, ser ein at folk er folk, og at alle traktar etter ei kjensle av mestring. Eg har drive med dette i mange år no, og det er ein utruleg artig og viktig jobb, seier Solveig, som vart nominert til Matprisen 2018 i kategorien Barne- og ungdomsprisen.

– Når det gjeld ungdommane, handlar det om å sørge for opplevingar med, nærleik til- og kunnskap om gardsdrift. Ein kan ikkje vente at ungdommane tek vare på noko dersom ein ikkje hjelper dei med å få eit forhold til- og bli glade i det dei skal ta vare på, seier ho.


– Heilt vesentleg at vi samarbeider

Haglund har tidlegare vore aktiv i nettverket «Den Gode Maten», og har og vore blant dei som har delteke med produkt og sal i REKO-ringen Surnadal og Rindal – som i skrivande stund har over 2 100 medlemmar.

– REKO-ringen tok jo heilt av, og det er utruleg artig for oss lokale produsentar. For min eigen del kom det dessverre i gang heilt på tampen av sesongen, men suksessen REKO-ringen har hatt åpnar for at eg kan prøve å utvide produksjonen, seier Solveig, og smilar:

– Ein utvidar ikkje med mindre ein veit ein får solgt varene sine, når ein held på med å dyrke grønnsaker – for det er rimeleg arbeidskravande. Men vidare utvikling av garden er basert på produksjonen, så det at REKO-ringen kom passa verkeleg perfekt for meg.

Ho fortel at ho og er fornøgd med marknadsføringseffekten slike felles tiltak fører med seg:

– Det er heilt vesentleg at vi samarbeider. Som liten aktør er eg for liten til å kunne dra folk åleine, men ved å tilby det eg har, og samtidig vite kva dei andre kan tilby, vert det lettare for meg å marknadsføre meg. Marknadsføringa vert sterkare og betre saman med andre.


Oppmodar til bruk av lokale aktørar

At Solveig Haglund er motivert for både økologisk grøntproduksjon og formidling av gode, lokale opplevingar, er det ingen tvil om. Men kva er det som driv henne?

– Ein ting eg vil trekkje fram er det å vere med på å auke bevisstheita om at ein kan påverke kva tilbod ein skal ha i lokalsamfunnet sitt. Skal vi oppretthalde tilboda, er det vi som må halde dei oppe, seier Solveig, og fortsett:

– Eg trur at folk her i Surnadal, som er ei jordbruksbygd, opplever stoltheit i det at vi alltid har drive med gardsdrift – og at vi framleis gjer det. Vi driv framleis jorda vår, og dyrkar mat. Nærleik til maten og kjennskap til kvar den kjem frå, er viktig.

Haglund understrekar at ho ikkje meiner at folk skal slutte å handle på nett eller i byane rundt.

– Det handlar berre om at ein må vere litt bevisste på å bruke lokale aktørar. Heldigvis lever vi i ei tid der både berekraft og miljø er viktig. Så er det opp til oss aktørane å skape lokale, berekraftige opplevingar, seier ho.

Saman med mannen Martin, som til dagleg driv Oxyvision, har Solveig fire barn på 15, 19, 22 og 25 år.

– Oppistua Øye er ein slektsgard, og som så mange andre håpar sjølvsagt vi og at nokon av våre vil komme tilbake hit for å drive den vidare, seier Solveig.

Ho er full av lovord om både mannen og svigerforeldra:

– Sjølv om Oxyvision ikkje har så mykje med gardsdrift å gjere, har Martin og eg stor glede i å diskutere det å drive næring, og han er ein solid hjelpar for meg. Svigerforeldra mine dreiv og garden økologisk, og dei har vore ei viktig inspirasjonskjelde og ei god støtte. Det har betydd veldig mykje for meg.

Haglund tykkjer lokalmatprodusentar og andre næringsdrivande i Surnadal er heldige.

– Ja, vi er i grunn veldig heldige, vi får tak i det aller meste her i Surnadal. I tillegg har vi eit stort mangfald av bedrifter, men nokre store motorar, som gjev mange arbeidsplassar. Dei inspirerer veldig, og får folk til å tru på at det går an å få til slike ting her på bygda.

Ho rosar og næringsforeninga i kommunen.

– Surnadal Næringsforening er viktig, med småprat og frokostar, som er gode arenaer for å bli kjent med andre som driv med næring. Plutseleg dukkar det opp mulegheiter for samarbeid med folk ein ikkje treff til vanleg.

Solveig, som nyleg planta 24 nye epletre, fortel at ho er topp motivert for å utvikle Oppistua Øye vidare.

– Eg tykkjer jo sjølv at eg er forholdsvis ung, og forhåpentlegvis har eg mange, mange gode år att i arbeidslivet. Difor ønskjer eg å utvikle garden vidare, med ein grønn produksjon, seier ho.

solveig haglund 2.jpg
Solveig stortrivst i eldhuset, som stod klart hausten 2018.


Oppistua Øye er medlem av Trollheimsporten.