BMW-kopi

Rindal MC-klubb:

MC-treff på gamalmåten

Det vart i helga, i regi av Rindal MC-klubb, arrangert BMW-treff. Treffet blei avhalde på Trøknaholt Camping, på "gamlemåten", dvs, med overnatting i telt og utendørs matlaging, slik treffa var på åttitallet.

Omlag femti påmeldte frå heile landet hadde teke turen til Rindal denne helga, og dei fleste køyrde BMW-motorsykkel. Den eine deltakaren hadde reist heile 70 mil for å delta! Mange hadde med seg telt for overnatting, noko som var meir vanleg på 80-talet då dei første treffa på Trøknaholt camping blei arrangert. Jon Moen i arrangemntskomiteen seier dette om oppslutniga på treffet. - Vi hadde håpa på mellom tjue og femti deltakarar, og når det då kjem femti er vi godt nøgd. Han kunne og fortelje at det er mannsdominert og at rekruteringa ikkje var heilt den store. - Det er forhaldsvis mykje grått hår, eller eventuelt mangel på hår på karane, ler Moen. Deltagarane fekk vera med på sightseeing i bygda med buss på laurdag, før det på kvelden vart sosial samling på festivalområdet.

Fråstjålet flagg

Roger Holte frå arrangementskomiteen kunne fortelje at dei hadde vorte fråstjålet eit stort BMW-flagg som hang ved innkjøringa torsdagskvelden . - Eg har ei melding til dei som stal flagget og det er at dei iallefall bør spikra opp flagget på gutterommet eller verkstaden sin! Då er det greitt, seier Holte og skratt-ler!

Vi vonar festen fortset utover dei små timar med gode historier og minner frå tidligare treff.

Rindal MC-klubb er medlem av Trollheimsporten.

Eldre BMW.jpg
Eldre modell BMW

Sidevogn.jpg

Moto guzzi.jpg
Ein Moto Guzzi har sneke seg med på BMW-treff!

Telt.jpg
Møteplass for deltakarane.

Gammel BMW-kopi m aggregat.JPG
Her er det rigga til med eit gamalt aggregat med boxer-motor. Plana var å steike bakels ved hjelp av dette i løpet av kvelden!

Teltområde MC.JPG
Teltområde for deltakarane.