Juli 2008 053

Reisebrev fra gamle til nye Trollheimsporten

Martinus Viks veg

Vi har venner i Orkdal, Terje og Guri Ree Bjørkås, som har vore misjonærar på Madagaskar for Det norske misjonsselskap i 4 år. I år var vi med dei på ferietur til denne solskinsøya i Det Indiske Hav aust for Sør-Afrika.

Fra før er reisebreva for 2004 og 2005 kommet på plass fra gamle til nye Trollheimsporten. Klikk på linkene! Dette stoffet finne du under Reisebrev når du klikke På Porten på den grå menylinja når du er på Hovedsida. Framover nå oppdaterer vi 2006 og 2007 med nye reisebrev og så følger resten av årene.

Har du kommentarer eller noe å melde om til dette - er det bare å bruke: redaktor@trollheimsporten.no. Skal du ut og reise - send oss gjerne et reisebrev: redaktor@trollheimsporten.no.

Eg har vokse opp i Rindal bedehus med bilde av  presten Martinus Vik på veggen. Han var misjonær på Madagaskar frå 1915 til 1939 (Døydde i Greåker 1941)Han voks opp i Rindal og har altså fått ein veg oppkalla etter seg: Martinus Viks veg.
Det er vel verdt å heidre han på denne måten. Å reise til Madagaskar i 1915 var å forlate slektningar og venner og trygge omgivelser for å gi sin livsinnsats for eit anna folk. Det var månadslange båtreiser mellom Madagaskar og Norge og det var heller ikkje telefonkontakt.
Martinus Vik gifta seg i Betafo kyrkje på Madagaskar i 1922 med misjonær Ovidia Larsen frå Fredrikstad.
 
Det var rart for meg som rindaling å stå i den same kyrkja. Eg trur ikkje det har vore mange rindalingar der sia 1922! Fint var det også å delta på gudsteneste med 1000 menneske - og det var den andre gudstenesta på ein vanleg søndag!
Madagaskar er eit fattig land, fullt av tiggarar, men det skjer ei sakte utvikling mot nye tider. (Når det gjeld vegbygging for eksempel! Eg skal aldri klage på Resdalsvegen meir!) Men Madagaskar er rik på natur,  og har svært mange endemiske dyreartar (finst berre der på øya).
Ved kysten er det fiske og flotte strender og tropisk varme. I innlandet, der Vik arbeidde, bur folket  opp til 1600 meters høgde  med eit klima som ein trøndersk sommar heile året. Der er det  store byar, omfattande risdyrking og grønsakdyrking. Gulrøter var dei spesialistar på. Fantastiske gulrøter og bananar å få kjøpt i vegkanten.!
 
Ta gjerne ein tur til solskinsøya Madagaskar!
 
Birger Foseide
Birger i kyrkja på Betafo der Vik gifta seg i 1922.
Koselege apekatter(lemurar) på Madagaskar!