hasle, bøe og brørs

Indre Nordmøre senioruniversitet:

Mangfoldig Nordmørs-litteratur

At «Nordmøre i litteraturen» er eit stort og mangslungent tema, kom tydeleg fram då Senioruniversitetet for Indre Nordmøre tok for seg emnet nyleg. 

Det var norsklærarane Gunnvald Bøe, Styrkår Brørs og Eivind Hasle (biletet) som var guidar for den interesserte forsamlinga på over 30 personar. Forfattarane som vart presenterte, var frå dei siste 150 åra, og her var personar som var innfødde nordmøringar og personar som var fødd andre stader, men alle hadde skrive tekster som sa noko vesentleg om landskapet, folket, språket eller historia og kulturen.

Det lokale og regionale perspektivet kan vere med og vekke interessa for litteratur, og styrke den lokale og regionale identiteten. Personar som det vart sagt noko meir utfyllande om, var Henrik Rytter, Anne Karin Elstad, Ragnhild Magerøy, Leif Halse, Hans Hyldbakk, Hans Kristiansen, Ingeborg Aasen Vatten, Jørgen Gravvold, Ove Borøchstein, Nina Valsø og Lars Mæhle. Men frå forsamlinga kom det fram at det var fleire forfattarar det kunne vore sagt noko om, så her var det tydelegvis stoff til fleire møte.

Tekst: Eivind Hasle  Foto: Helene Nergård