IMG_9558

Mange på Årnesvandring

Som mange veit har det vore gjennomført eit omfattande arbeid med merking,  rydding og skilting av skogsvegar og stiar på Årnes. Laurdag inviterte Stangvik historielag i samarbeid med årnesgardingane  til kulturvandring lags desse. 80-90 frammøtte turdeltakarar viste at bygdefolket verdsett både intiativet som er tatt og det arbeide som er gjort i Årnestraktene.

IMG_9556_690x1035.jpg

 

 

Heile turen var planlagt å ta eit par timar, men på grunn av det høge deltakartalet, sprakk tidsskjemaet. Det var derfor lurt at turen var opplagt slik at det var muleg å hoppe av fleire stader undervegs .Sjølv om vandringa ikkje vart like langvarig for alle, vil vi likevel tru at alle fekk ny informasjon og minneverdige opplevingar undervegs. Ta ein titt på bilda og la dei fortelje!

Det er rydda og merka eit løypenett på ca. 3 mil på Årnes. Dette løypenettet er lagt slik at ein kan gå rundturar frå fleire utgangspunkt. På 19 plassar er det i tillegg oppsett postkassar med turbok.

 

Tekst og alle foto: Norunn Holten.

Til høgre: Folktstint oppover lia.

IMG_9558_690x460.jpg
På tur oppover.

 

IMG_9567_690x1035.jpg
Svein Årnes har all grunn til å vera fornøgd både med det merkingsarbeidet som er gjort på Årnes og interessa for prosjektet.

IMG_9586_690x460.jpg
Ein titt inn i den såkalla vikingehola på Årnes var eitt av høgdepunkta på turen.

IMG_9589_690x460.jpg
Til tider bratt terreng under vandringa….

IMG_9594_690x460.jpg
Flott utsikt over fjorden frå «Jabenken».

IMG_9599_690x460.jpg
Utsikt mot Torvika over ein solblenkjande fjord.

IMG_9605_690x460.jpg
Frå toppen av lia: utsikt mot Solemen.