Onsdag
Onsdag Klarvær
21°
Klarvær
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
20°
Delvis skyet
Flau vind

Mange fekk ny bok, og Eva vart døypt

Idag fekk 5.-klassingane sin eigen Bibel under gudstenesta i Øvre Rindal kapell, og Eva Svanem vart døypt. I preika fortalte Lene Prest om den lamme mannen som vart senka ned framom Jesus gjennom taket.

IMGP2463.jpg

IMGP2472.jpg
Eva Svanem i armane på Lene prest med foreldre og fadrar.

Preika til Lene Prest i Øvre Rindal kapell 02.02.20.20 over Markus 2, 1- 12

 1 Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime. 2 Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei. 3 Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han. 4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på. 5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
    6 No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet: 7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin – det er Gud?» 8 Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet? 9 Kva er lettast å seia til den lamme: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp, ta båra di og gå’? 10 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme – 11 «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 12 Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»

Mark 2,1-12

Eg har lege på ei båre tre gonger. To av gongene hadde eg det forferdeleg vondt med store smerter. Eg hugsar kor redd eg var. Kor sårbar. Så overgitt og utlevert til ambulansepersonalet. Det var dei som bestemte. Eg var berre med på deira premissar.

Og så hugsar eg omsorgen. Kor mykje det betydde at dei tok på meg og lot handa vera der – på handaleggen eller skuldera mi – eller var det handa mi dei heldt i. At det kan vera så mykje lindring og trøyst i å bli berørt - ?!

Skal tru korleis det var å vera den lamme mannen me høyrde om her. Om ikkje båra som høyrer til ambulansen er særleg komfortabel, var nok båra hans betydeleg mykje eklare å liggja på. Verre er det nok med alle folka som er der. Alle som står der, ser og tenkjer sitt om at lammelsen er ei straff for eitkvart, at han har seg sjølv å takke, at skammen er som den skal vera. Noko så sårbart og vondt!

Og så utlevert til dei fire hjelparane! Og så drygt å få baska seg opp på taket!

Troppa på utsida huset er vel ikkje berekna på meir enn ein i breidda, og der er det fem som skal opp samstundes, endå til med ei båre!

Dei fire som bèr må ha frekkhetens nådegåve. Dei gjer alt som står i deira makt for at den lamme skal få koma til Jesus, koste kva det koste vil av byggematerialar og murpuss, skeive blikk over sniking i køen eller utskjelling. Her står det om liv og helse, bokstaveleg talt.

Og så blir det liv og helse. Eller helse og frelse. Det blir eit nytt indre liv når syndene blir tilgitt. Og det blir eit nytt ytre liv, bokstaveleg talt på eigne føter. Båra blir med heim, men den lamme har ikkje bruk for den lengre. Han går sjølv.

Skapte er me til å bera og lette børene for kvarandre, skreiv Jan Magnus Bruheim. Og han har så rett! Dei fire berarane var som skapte for oppgåva dei går inn i når dei bèr han som ikkje kan gå sjølv.

Eva er boren til dåpen i dag. Ho kan ikkje gå sjølv, ei heller gje sitt av samtykke. Men de som er foreldre vil ha henne døypt og ser dåpen som ein måte de kan gje henne det beste på. Der fekk ho frelsa og den nye fødselen. Der byrjar det nye livet i lag med Jesus.

Og seinare skal ho berast og bli boren av oss som også har nokon som bèr oss – det vera seg i forbøn og omsorg, empati og kjærleik.

Så høyrer me i hop, dette brokete fellesskapet som kallast for menighet – om me er mange eller få, om me er unge eller gamle, om me kjenner oss tilfreds eller om me dregst.

Og det som bind oss i hop, er alt me har får: Me får tilgivelsen. Me får det nye livet. Me får dette store som kallast for levande håp. Ein ny start, stadig ein ny sjanse.

Så er det å gripe den – sjølv om me ikkje klarer å begripe. Men mykje kan me lesa oss til, slik at ordet arbeider med oss, eltar oss og bearbeider oss innantil. Så fint å vera ein lesar!

For dykk som går i femte klasse, skal det ikkje stå på lesestoff lengre. Alle får sin eigen Bibel. Så vil eg håpe de vil bruke den. Lesa i den. Og gjerne streka under vers de ser er ekstra gode og viktige.

De må gjerne byrja med Markusevangeliet, som denne forteljinga er henta ifrå. Apostelgjerningane er spanande. Breva er det mykje oppmuntring i. Salmenes bok i det gamle testamente syner oss tydeleg nok at folk ikkje har forandra seg så veldig mykje dei siste tre tusen åra likevel -

Me er berre menneske. Sårbare og utlevert til livet. Og så kjem han imot oss og blir levande for oss i ordet sitt, han som er frelsa og livet vårt, han som bèr oss så det held.

Gud velsigne ordet sitt, så det veks og blomstrar i oss når me tek til oss av det – om me går i 5.klasse eller om me har lese Bibelen i årevis. Det er alltid noko å lære, noko å bli klokare av, noko som kan trøyste oss og syne oss kven Jesus er og kva det betyr at me er elska av han.

Så KAN det kanskje vera mogeleg å tolke diktet Jeg holder ditt hode av Stein Mehren i lys av det eg har sagt i preika:

Jeg holder ditt hode 

Jeg holder ditt hode 
i mine hender, som du holder 
mitt hjerte i din ømhet 
slik allting holder og blir 
holdt av noe annet enn seg selv 
Slik havet løfter en sten 
til sine strender, slik treet 
holder høstens modne frukter, slik 
kloden løftes gjennom kloders rom 
Slik holdes vi begge av noe og løftes 
dit gåte holder gåte i sin hånd 

2020-02-02 11.51.43.jpg