Tirsdag
Tirsdag Regn
Regn
Laber bris
Onsdag
Onsdag Regnbyger
Regnbyger
Liten kuling
Ludvig

Annonse:

Månelyst på Surnadal kino

Det blir premiere på ny Flåklypa-film og skrekkblanda gjensyn med eit seigliva monster på Surnadal kino i helga.

Premiere fredag 14. september på den siste filmen i «Solan og Ludvig»-triologien. Og da når dei nye høgder, for denne gongen skal dei konkurrere om å kome først til månen. Da kan det meste gå gale – og vil gå gale. MÅNELYST I FLÅKLYPA er tillate for alle og blir vist i heile helga og utover neste veke.

Verdas mest farlege rovdyr, PREDATOR, er tilbake og berre ein ihopraska forsamling av eks-soldatar og ein professor kan stoppe det. Kanskje. Her vil det nok skvette ein bloddråpe i ny og ne for aldersgrensa er sett til 15 år. Filmen vil gå i ei stor veke framover med første visning fredag 14. september.

Den norske filmen SKJELVET har samla eit stort publikum og vil også gå laurdag og søndag, og litt i neste veke.

 

Månelyst Flåklypa.jpg

Månelyst.jpg

Skjelvet.jpg

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut