Målpris til Karstein Mauset

Torsdag kveld fekk ein overraska Karstein Mauset Målprisen 2019 tildelt av Surnadal Heimbygdlag! Da hadde han æra Hyldbakk med song og styrt lyd under presentasjon av ny utgåve av boka «Ei haustferd på Nordmøre».

Bokkveld Karstein Mauset Målprisvinnar 1.JPG
Det var ein rørt og overraska Karstein Mauset som høyrde på grunngjevinga for kven som skulle få Målprisen 2019, og han hadde vanskeleg for å finne ord for denne opplevinga.

Bokkveld Karstein Mauset Målprisvinnar 2.JPG
Han var tydeleg stolt over prisen da sjokket hadde lagt seg. 

Bokkveld Målprisdiplom[1].JPG

Her er grunngjevinga til Surnadal Heimbygdlag:

Målprisvinnar 2019.

Styret i Surnadal Heimbygdlag har vedtatt å gi Målprisen 2019 til ein person som høyrer heime her på Indre Nordmøre og i det språklege og kulturelle grenselandet mellom Nordmøre og Trøndelag. Han er ein allsidig og dyktig handverkar, men først og fremst har vi alle møtt han som ein positiv, flink og velvillig musikar og kulturarbeidar. Frå tidlege ungdomsår har han sett melodi til dikt av Astrid Krog Halse, Jørgen Gravvold og Hans Hyldbakk, og med plater og framføringar vore med og styrkt interessa for desse diktarane. Han har alltid vore lett å be om å bidra på ulike kulturtiltak i kommunen, også som tillitsvald og bakmann. Og han har eit vake auge for yngre talent, som han gjerne trekker med seg og samarbeider med.

Styret i Surnadal Heimbygdlag meiner at Karstein Mauset er ein verdig vinnar av Målprisen 2019.

Haust er lesetid, sa leiar i Surnadal Heimbygdlag, Trygve Roaldset, da han opna bok-kvelden med presentasjon av boka «Ei haustferd på Nordmøre» som Hans Hyldbakk skreiv om ei handelsreise i 1934. Den vart først utgjeven som bok i 1951.

Hans Hyldbakk var selgar for Moss Bomullsveveri og reiste rundt i bygdene og selde bomullsty to gonger i året. Dermed vart han godt kjent. Det vart fortalt at somme stader gjekk han under namnet «Moss».

Bokkveld Hans Hyldbakk.JPG

Boka er ikkje ei dagbok, men ei skildring av haustferda i 1934. Tekstene var først trykt i ungdomsbladet Heimveg før dei kom ut i bokform første gong i 1951.

Bokkveld Svein Sæter.JPG
Denne boka er av dei mest populære bøkene på bokantikvariat, kunne møteleiar Svein Sæter fortelje. - Hans er på sitt beste i denne boka, meinte han. Det er ikkje ei dagbok, men det er Hans i møte med menneske.

Bokkveld Karstein Mauset og Toril Moe.JPG
Karstein Mauset framførte fleire av dikta til Hans Hyldbakk både til eigne melodiar og til Henning Sommerro- melodiar. Han hadde også med seg Toril Moe på fleire av songane.

Bokkveld Styrkår Brørs.jpg

Styrkår Brørs gav oss gode smakebitar frå boka, og han framførte også livfullt dikt av Hans Hyldbakk. Brørs kunne fortelja at diktet «Kabaret» vart framført av Hans Hyldbakk på Nordmøre Folkehøgskule etter ein kabaret med Hyldbakktekster. Diktet er ein kort sjølbiografi.

Forsamlinga på mesta 50 engasjerte lyttarar fekk også vere med på allsong både på «Nordmørsminne» og «Vårsøg» akkompagnert av målprisvinnaren.

Bokkveld Ei haustferd.JPG
Sverre Hatle, Trygve Roaldset og Svein Sæter viser stolte fram den nye boka.

Bokkveld boksalg.JPG
- Boka sel som bomullsty frå Moss Veveri, sa Sverre Hatle!