Tørsås 2

Må grunneigarane ordne opp sjølv?

Frå Magnar Almberg har vi fått denne kommentaren: Trollheimportens framstilling av kommunens brev – om at no må grunneiegarane i Tørsetmarka ordne opp sjølv eller bli enig ellers vert det rettssak, for kommunen har ikkje nokor rolle lenger etter at Fylkesmannen oppheva kommunens vedtak – kan være villeiande. Den ligger også på leserinnlegg.

Frå offentleg veg fram til P1 i Tørsetmarka vart vegrettane privatrettsleg avklara i jordskiftesak den 22.12.1994, og stadfesta av Frostating jordskifteoverrett den 10.12.2008.

Vegrettane frå P1 og vidare inn i hyttefeltet vart privatrettsleg avklara av Nordmøre jordskifterett, i jordskiftesak den 05.12.2003. Når det no er bråk om vegrettane i Tørsetmarka er det fordi kommunen har rota det til med å ikkje ta dei privatrettslege avklaringane til etterretning. Kommunen driv ansvarsfraskriving og snur saka på hovudet med å hevde at dei ikkje har nokor rolle i saka lenger. Kommunen godkjente hyttefeltet Kårliåsen utan at det nye feltet hadde vegrett og fradelte hyttetomter utan at dei var sikra vegrett. Plan- og bygningsloven er klår, det skal ikkje godkjennast hyttefelt eller dele fra tomter utan at adkomsten er sikra. Tørsetmarka hyttefelts veghistorie viser at kommunen inn til no ikkje har teke privatrettslege avklaringar i jordskifteretten til etterretning. I 2004 oversåg kommunen fullstendig den privatrettslege avklaringa og fratok veglaget retten til sjølv å fastsette årsavgiftene for hyttefolk.

Det same skjedde i 2008 da kommunen ga byggetillatelse og godkjente Librekkvegen som alternativ veg til hyttefeltet, utan at Libreggvegen hadde sikra vegrett frå offentleg veg.

Magnar Almberg

Her er kommunens brev til grunneigarane etter at Fylkesmannen greip inn i saka og overprøvde vedtaket i kommunen