Lys i haustkv a

Lys i haustkvelden

Konserten i Åsskard kyrkje med Unni Boksasp Ensemble og barnegruppa Amigos vart ei lys og vakker stund på ein vertung haustkveld. Juletida er full av lekker folkemusikk og tankevekkande tekster. Og kven kan formidle dette meir fengande enn ein dyktig kvartett med den kvitrande Straumsnes-jenta i spissen?

Lys i haustkv a.JPG
Flott samspel mellom Unni Boksasp Ensemble og Amigos, som her ventar på å stemme i omkvedet på «Jul inni fjorda».

Det svinga - i dobbel forstand - mellom det inderleg andektige og det dansande muntre. Unni Boksasp (delvis klimprande på siter-brettet) syng lett og distinkt, med musikalsk eleganse - ikkje minst i dei fine forsiringane som folkemusikken er rosemåla med. Det gjeld visestoffet. Det gjeld enda meir salmeperlene - kjende tekster til tonevariantar mest frå Nordmøre. Gjerne i livlege arrangement, som springdans-versjonen av "Folkefrelsar" frå Todalen!

Lys i haustkv b.JPG
Runde Tylden (frå venstre), Unni Boksasp, Magne Vestrum og Jo Einar Jansen utgjorde eit velklingande enseble.

Lys i haustkv c.JPG
Unni Boksasp rørte både siter- og hjertestrenger i programmet. Til venstre bassist Magne Vestrum.

Samspelet mellom Unni og felespelar Jo Einar Jansen, bassist Magne Vestrum og trøorganist (salmesyklist) Rune Tylden fungerte godt. Samklangen og arrangementa likeså. Soloinnslag med fela eller bassen (som kneppa ein solo polsdans!) utløyste også applaus hos eit talrikt publikum.

Lys i haustkv d.JPG
Amigos sjarmerte med stilfull opptreden og innleving i konsertsituasjonen.

Fint å ta den lokale barnegruppa Amigos med på nokre av innslaga. Dei song med liv og lyst og vart sikkert motiverte til vidare innsats.

Åsskardkyrkja er eit intimt og klangleg lunt konsertrom. Bra at bruken av lydutstyr da er moderat - som denne kvelden. Tillat meg likevel litt pirk: Eg ville heller høre den verkelege (akustiske) feleklangen leva i dette lille rommet enn som innklemt mikrofonlyd gjennom høgttalar – slik det no var.  Og minst ein av tekstene fall utafor ramma av ein adventsprega kyrkjekonsert.

Men slik innvending er unntaket som bekreftar at eg og alle med meg hadde ein flott haustkveld med smak av jul - takka vere dyktige folk og ei skattkiste av folkeleg tonekultur!


Tekst og foto: Bernt Gudrunson Bøe