Raudsildre ved stien til Strengen
Raudsildre ved stien til Strengen
Jon Bruset Gå til galleriet
Torsdag
Torsdag Lettskyet
23°
Lettskyet
Svak vind
Fredag
Fredag Delvis skyet
22°
Delvis skyet
Svak vind

Lotus - "Trivelig musikk det går an å lytte til"

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Denne gongen er turen komen til Lotus frå Kvanne. Bildet er henta frå ein kassett som gruppa ga ut i 1985, og som vart spela inn i Royal Studio i Surnadal. På bildet. Anne Kristine Bævre, Elsa Kvande, Geirid Frydenlund, Aud Inger Moe, Live Røen og innleigd bassist Alf Olav Fiske.

Også Karen Oddny Varvik var innom gruppa som medlem.

Tidens Krav skreiv i 1985: "Hver eneste tirsdagskveld året rundt samles seks sangglade damer på Kvanne til øvelse på Stangvik Skole. Sanggleden er drivkraften og desuten det at seks damer med felles hobby, musikk kan treffes. Det hele startet for ca. 10 år siden (1975 red.an.). Da ble gruppa Kjerringrokk startet".

Tidens Krav skriver videre: "Vi liker stort sett all slags musikk, men det må være trivelig musikk av den typen der går an å lytte til".

Sjå fleire bilder og høyr lydopptak av Lotus på Plekterfesten.no.

Der finn du også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag.

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stumbleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no