DSC02676

Lokal gull-musikal

Snart er det urpremiere på musikalen Stjernestøv, inspirert av nordmørske gullgravarar i Klondike og Alaska. I ei sentral rolle finn vi Sigrid Vetleseter Bøe.

Bildet over: Esben Bråten (t.v.), Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Wenberg Jacobsen øver på harde livet før premieren på Stjernestøv 1. november.

Mange nordmøringar, også rindalingar og surnadalingar, deltok i dei legendariske gullrusha til Klondike i Canada og Nome i Alaska for over 100 år sia. No kjem musikalen bygd på den uhyre dramatiske historia, med to framsyningar i Surnadal kulturhus laurdag 3. november.

– Stjernestøv er ein sterk, spennande  og gripande musikal, som eg verkeleg gler meg til å framføre, seier Sigrid Vetleseter Bøe.

Dei blir litt av eit A-lag på scena. Sigrid har med seg Erik Wenberg Jacobsen, ein av landets fremste musikalartistar, med hovudroller i blant anna Jesus Christ Superstar og Les Miserables bak seg. Tredjemann er sunndalingen Esben Bråten, mangeårig støttespelar i JazzåTeatrets storsuksess Lady Arbuthnott.

Sigrid fortel at personane og handlinga er oppdikta.

– Men samtidig er Stjernestøv bygd på historiske hendingar og verkelege menneske. Vi følgjer dei tre nordmøringane Ingrid, Olav og Gunnar inn i ukjent villmark. Dei risikerer alt i jakta på gullet, og på eit betre liv.

Stykket er skrive av Svein Sæter frå Stangvik. Musikken er komponert av Lars Ramsøy-Halle, som òg skreiv musikken til Lady Arbuthnott. Scenograf Carsten Andersen, også frå Stangvik, har brei erfaring mellom anna frå Teatret Vårt og Riksteatret.

Regissør er Elisabeth Matheson, kjent frå hovudrolla i filmen «Kristin Lavransdatter» og frå Det Norske Teatret.
– Eg kjente jo Sigrid som ein fantastisk songar, men var veldig spent på korleis ho var som skodespelar. Så er ho kjempegod der òg! seier Elisabeth Matheson.

Øvingane til Stjernestøv pågår no for fullt i Bondehuset i Stangvika, som er bygd av gullpengar nettopp frå Klondike.

- Fredrik Bruseth kom heim derifrå som mangemillionær. Fleire andre nordmøringar fann også gull til slutt. Dei fleste kom att like tomhendte som dei for, men opplevingane prega dei for livet, seier Sigrid Vetleseter Bøe.

Urpremieren på Stjernestøv er i Sunndal kulturhus torsdag 1. november, med ny framsyning der dagen etter og altså to framsyningar i Surnadal kulturhus laurdag 3. november.

18.jpg
Elisabeth Matheson, kjent for hovudrolla i Liv Ullmann-filmen «Kristin Lavransdatter», er full av lovord om aktørane på scena.

 

Innsendt av Svein Sæter.