Bernt G Bøe Messias

«Messias» blir tradisjon

Fjorårets suksess og gode oppslutning viser at KKKK-festivalens «Messias»-prosjekt nådde fram. Bernt G. Bøe minner om gjenhør i helga – i Stangvik kirke laurdag kl. 16 og Nordlandet søndag kl. 17.

Oratoriet «Messias» av G. F. Handel er tidenes mest populære storverk i sitt slag. Særleg fram mot jul samlar det hundretusenar, kanskje millionar, i kyrkjer og konsertsalar verda rundt. Vellykka framføringar på Nordmøre dei siste par åra antydar starten på ein lokal advents-tradisjon – der vi finn vår plass i denne store tilhørarskaren.

 

Med utelukkande bibelske tekster har den tysk-engelske barokkmeisteren Handel (1685-1759) tonesett eit stort og gripande Kristus-portrett: Frå profetiane om trøst og lys i mørkret, via juleevangeliet og påskedramaet til framtidsvisjonen av det evige håpet.

 

I klangbotnen ligg det profesjonelle barokk-orkesteret, leia av uslitelege Peder Rensvik. Vi får altså høre verket tett opptil det lydbiletet som Handel hadde i ørene!

«Hallelujakoret» og dei andre store, vakre korpartia tek Kristiansund Kammerkor seg av. At instruktør (og kammerorganist) Margaret Rensvik sjøl er oppvaksen i Messias-tradisjonen i England, er ikkje vanskeleg å merke!

Solistkvartetten er den same som i Kvernes og Kristiansund i 2012: Sigrid Vetleseter Bøe (sopran), Ann Kristin Jones (alt), Matthew Long (tenor) og James Birchall (bass).

 

- Eg gler meg veldig til å synge Messias igjen saman med dette kollegiet, seier Sigrid. – Flott å friske opp att den herlege musikken med ny finpuss hos professor her på Operahögskolan i Stockholm. Vel er det slitsamt, men premien er kjensla av å skapa musikkoppleving i lag med folk frå Europa-toppen! Slik er eg heldig, seier solisten frå Bøfjorden.

 

Helga byr altså på nytt møte med musikkverket som samlar essensen av det julehøgtida handlar om. Ein får så å seie «heile Kristus» i ein konsert. Formidla vakkert og sterkt i ord og tonar.

«Halleluja»-koret og dei andre flotte satsane  for kor og solistar har gjeve musikalsk velvære til millionar. Difor gjer mange også hos oss Messias-opplevinga til sin kanskje viktigaste adventstradisjon.

 

Tekst og foto under: Bernt G. Bøe

Messias a1 Kvernes 2012_690x459.jpg

Frå Messias-framføringa i Kvernes for to år sia.

 

MESSIAS b Solistene Uredigert foto_690x486.jpg

Solistkvartetten – som i Kvernes 2012: James Birchall (bass), Matt Long (tenor), Ann Kristin Jones (alt) og Sigrid Vetleseter Bøe (sopran).

 

Messias c AnnKJones & SigrVB Polen 2013_690x593.jpg

Dei kvinnelege solistane Ann Kristin Jones (t.v.) og Sigrid Bøe under Messias-konsert i Polen i fjor.

 

Messias e Montasje Stv 2013_690x471.jpg

George Frideric Handel skreiv suksessverrket hausten  1741. Kor og komponist – montasje frå Stangvik 2013.