CD Juletid 01 Hefte_690x347

«Juletid»

I mange år har Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor med orkester og ikkje minst med solistar som Sigrid Vetleseter Bøe og Øystein Moe vore faneberarar for julekonsertar med både solid tradisjon og frisk fornying. 

No har dei laga CD - med tittelen "Juletid". Innspelinga skjedde i Nordlandet kyrkje i oktober. Lydarbeidet er gjort av Geir Sakshaug i Kristiansund (opptak) og studio Dreamfarm i Surnadal (mastering) i samarbeid med dirigent og no avtroppande organist Bernt Bøe.

CD Juletid 04 Kantate Foto Jon O Ørsal_690x310.jpg
Foto: Jon O. Ørsal

Etter opninga med ein fulltonande "Deilig er jorden" for kor, sopran, orkester og mektig orgel har Sigrid Vetleseter Bøe ei soloavdeling med klassiske perler som "O helga natt" (i fransk original), "In the bleak midwinter" og "Ave Maria". 

CD Juletid 06 KANTATE Foto BGBøe_690x486.jpg

Den populære kantaten "I denne søte juletid" har vore desse kora sitt "juleflagg" i mange år og utgjer ein viktig del av plata. Den har nydeleg samspel mellom aktørane - der orkestermusikarane viser sine store ferdigheter. 

CD Juletid 03 Sigrid V  Bøe_690x859.jpg

Sigrid Bøe har også ei sentral og krevande rolle i kantaten.

CD Juletid 05 SUITE urframf 2015_690x535.jpg
Bilde frå urframføringa av suiten 2015.

Bernt Bøe har komponert ein liten orkestersuite "Juletonar på Nordmøre" - med melodiar etter folkesongarar som Marit Holten (Ålvundeid), Brit Kattem (Rindalen), Hallvard Nordheim (Tustna) og todalingane Tomina og Ane Husby. Utfordrande og elegant musisert av orkesteret.

Plata har nokre ekstranummer frå tidlegare år - bl.a. "Jeg synger julekvad" og "Glade jul" med eit Bøfjorden Mannskor i storform.

CD Juletid 02 BAKSIDE Index_690x615.jpg

Tekst/foto: Bernt G. Bøe