Livleg «Barnas kyrkjekveld»

Tysdag var det kyrkjekveld for dei små i Åsskard. Om ikkje så mange møtte, var det stor aktivitet i kyrkjerommet.

Trusopplærar Elsa Jensvold tok fram forteljingar og songar frå «Mi kyrkjebok», som årets 6-åringar får utdelt på gudstenesta komande søndag. Og alle øvde på ein stilig inngangsmarsj – som dei kan bli med på under gudstenesta. Somme bar dåpsmugge og bønekrukke, andre bar lys og bøker.

Elles var det «kyrkje-vandring» der alle fekk lære om - og prøve - mykje av det som hører kyrkja til. Det vart andektige stunder ved altarringen - og ved globen, der alle tente lys for nokon dei tenkte på. Og kven har ikkje det?

Ved døypefonten fekk dei små lære kva dåpen er. Men først måtte dei leite fram dokka som var «dåpsbarnet». Ho hadde gjømt seg bak altaret!

Så bar det opp til tårnet og galleriet. Og sanneleg vart det lyd i kyrkjeklokkene og orgelet også!

Til slutt var det frukt og saft og bakels og sjokoladekake i Kyrkjestua – for små og store.

a Kyrkjekveld 2015 02 10 Flanelltavla.jpg
Elsa fortel om påska. Syver, Arnstein, Fredrik, Asbjørn og Ada følgjer med – like eins Kristian, som vi berre ser nakken av!

b Kyrkjekveld 2015 02 10 Globen.jpg
Fredrik tenner minnelys i globen – i lag med Varg og fleire.

c Kyrkjekveld 2015 02 10 Orgel.jpg
Varg prøvar dei lysaste tonane i orgelet – med mamma Gjertrud, Asbjørn, Fredrik og Bernt Organist som tilhørarar.

d Kyrkjekveld 2015 02 10 Døypefonten.jpg
Arnstein og Ada lærer om dåpen.

e Kyrkjekveld 2015 02 10 Klokketau.jpg
Fredrik, Varg og Asbjørn «heng i klokkestrengen» – og får det til å klinge!

f Kyrkjekveld 2015 02 10 Altar.jpg
Ved altaret undervister Elsa – og Varg, Asbjørn og Fredrik lyttar med opne sinn.


Tekst: Bernt G Bøe

Foto: Gunnhild Vetleseter Bøe