ulvNaturarkivet-BB_09_0032

Lisensfelling av ulv i Midt-Norge

Etter vedtak i rovviltnemnda for region 6 Midt-Norge kan det fellast 2 ulvar i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag i vinter. Lisensfellinga av ulv startar laurdag 1. oktober.

Samla lisensfellingskvote for heile Noreg  er 47 ulvar. 24 av ulvane kan fellast utanfor ulvesona, to av desse i Møre og Romsdal. Ulvesona dekkjer Oslo og Østfold, delar av Hedmark og Akershus. Det er ikkje mål om ha ulv i Midt-Norge.

Unge ulvar kan vandre langt frå fødereviret, og vandrar gjerne vestover. Det er ikkje kjent at det er ulv i Møre og Romsdal no. Nyaste observasjon av ulv i fylket var gjort i slutten av mai i Rauma kommune, der også minst sju lam vart skadd og drept av ulv. Denne ulven er truleg den samme som vart felt i skadefelling ved Joramo i Lesja kommune kort tid etter. Det har vore ulveaktivetet ved fylkesgrensa mot Møre og Romsdal både i Oppland og i Sør-Trøndelag i beitesesongen. Nye saueskader tyder på at det framleis er ulv i grensetraktene til Trollheimen.

Lisensjakta startar 1. oktober 2016 og varer til og med 31. mars 2017, eller når kvoten er fylt.

Lisensfelling er skademotivert felling med heimel i naturmangfaldlova § 18 bokstav b). Den som skal delta i lisensfellinga av ulv må vere registrert som lisensjegar i Jegerregisteret. Ut over kravet til registrering som lisensjegar, gjeld reglane som for ordinær jakt. For å utøve lisensfelling må ein skaffe løyve frå grunneigar.

Alle som deltek i ulvejakta pliktar å oppdatere seg jamnleg om attverande kvote på telefon 71 25 85 03.

Den som feller ulv eller løyser skot mot ulv, utan at denne blir avliva, skal straks melde frå til Fylkesmannen på telefon 9092 6016.

Felt ulv skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Fellingsstaden skal kunne påvisast av jegeren etter oppmoding frå SNO, politiet eller Fylkesmannen.

Om det skulle bli aktuelt med ettersøk, er det Fylkesmannen som har ansvaret for å organisere ettersøket. Dei som har teke del i fellingsforsøket må utan godtgjersle hjelpe til med ettersøket slik vi bestemmer.

Dette skriv Fylkesmannen i Møre og Romsdal på sine nettsider torsdag 29. september 2016.

 

Foto: Direktoratet for Naturforvaltning - Naturarkivet.