Lekker strengeleik i Åsskard

Eit lite, men mottakeleg publikum fekk nyte ein velklingande sommarmeny i Åsskard kyrkje olsokaftan. Gitarist Nils Klöfver og fiolinist Odd Sonntag serverte sunn og sprudlande sjeleføde.

28. juli er Bachs minnedag, og starten av konserten markerte dette.  Det váre gitarpreludiet, den meditative Arioso-duetten og den drivande gigue’n (frå Partita i d-moll for solofiolin) danna ein vakker bukett til Johann Sebastian Bach.

Dei to svenske barndomsvennene - med grunnopplæring frå Borlänge Musikskola - viste fine individuelle ferdigheter og eit samlyttande duettspel. Slik vart kvelden eit musikalsk perlekjede - frå Bach til Piazzolla. Det aller meste på solid teknisk nivå.

Av enkeltnummer nemner vi det gitaristiske mesterskapet i uforliknelege «Minne frå Alhambra» (Tarrega) og den gnistrande fiolinteknikken i Sarasates «Tarantella». Temaet frå «Schindlers Liste» fekk sterk verknad med verbal informasjon om filmen. 

Svenske tonar kler ein sommarkveld – som to «Akvareller» av Aulin og (enno meir påfallande) utdraget frå «Frösoblomster» av Peterson-Berger. Tydeleg spela med tonekjensla i hjertet!

Når så både meditativ og rytmespenstig Piazzolla-musikk fekk avrunde konserten, var applausen både taktfast  og fortent. Ekstranummer måtte til, og da pussa duoen støvet av ein Paganini-sats frå musikkskuletida for 20 år sia.

Strengeleik a Sonntag Odd Klöfver Nils - Kopi[1].jpg
Odd Sonntag og Nils Klöfver vann seg nye venner denne kvelden.

Tekst og foto: Bernt Bøe