Onsdag
Onsdag Kraftig regn
Kraftig regn
Svak vind
Torsdag
Torsdag Regn
Regn
Lett bris
00000 LEIK a Hardbust

Annonse:

Leik og middag på museet

Leik og leikesaker er levande kulturhistorie. Søndag er det jeppe, hårlugg, ludo og mykje anna på museet i Bøfjorden. Frå kjøkenet duftar det bacalao.

Historielaget inviterer store og små når tradisjonelle barneleikar blir henta fram att.

– Og ta gjerne med leiker heimafrå, slike som har vore bruka opp gjennom åra, seier Gunnhild Vetleseter Bøe. Ho og resten av styret lovar at temadagen skal børste støvet av både ute- og inneaktiviteter, mest slikt som var tidtrøyte i gamle dagar.

Blir veret bra, skal mykje skje ute.

– Vi skal vippe jeppe og hoppe paradis, kaste skotthylle og vise ballkuler, kommenterer gruppa som onsdag var samla til mimring og idedugnad.

Det blir skyting med pilbørse (lokalt kalla «hardbust») og prøving av både bandhjul og flatjekter - sikkert også sekkeløp og «munkarkuler».

– Kanskje treng vi hjelp til å friske opp att reglane? undrast Inger Lise Heggem.

Innandørs blir Ludo, Svarte-Per, sjakk og «mil» å finne på borda. Men tru om nokon tør å spela «hårlugg»?

Så lurar vi på om nokon tek med seg «kattikallar» og gamle Westernblad - eller kanskje ein gammal rattkjelke? Ei lita kulturutstilling av leikegjenstandar hadde vore flott, og alt slikt er av interesse! seier historielagsleiar Bernt Bøe.

«Buakokkå» May Iren Dønheim Hovde sørgjer for kortreist bacalao som middag på sjøbruksmuseet denne søndagen. Så her blir det noko for ein kvar smak, bokstaveleg tala.

Ingressfoto: Syver og Einar prøvekjører «hardbust» og «flatjekt».

00000 LEIK b Inger Lise hoppar paradis.jpg
Nybaka oldemor Inger Lise Heggem kan enno å hoppe paradis!

00000 LEIK c Hårlugg.jpg
Å tape i «hårlugg» er ikkje spøk, men artig lell.

00000 LEIK d Gunnvor hoppar Rute.jpg
Når Gunnvor hoppar rute, må ho styre steinen rett! Magne, Torbjørg, Inger Lise og Randi er sakkyndig publikum.

00000 LEIK e Torbjørg vippar jeppe.JPG
Torbjørg «vippar jeppe».

00000 LEIK f Ludo.jpg
Og Ludo er ein sikker suksess ...

2019 08 18 Plakat Museet.jpg

Tekst/Foto: Bernt G. Bøe.

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut