Tilsette ved Surnadal sjukeheim ps 1500

Satsar på studentpakketilbod:

Legg til rette for auka rekruttering av sjukepleiarar

På landsbasis manglar det 6 000 sjukepleiarar, sett opp mot etterspurnaden, og talet er venta å stige i åra som kjem. Rekruttering har vist seg å vere utfordrande, og no tek Surnadal sjukeheim grep.

– Det handlar om kva vi sjølve kan gjere for å heve kompetansen og skape nye sjukepleiarstillingar, og korleis vi som kommune kan legge til rette for det, seier einingsleiar Marit Moe Kvendbø ved Surnadal sjukeheim.

Tiltaket ho snakkar om er dei seks studentpakkestillingane kommunen no har lyst ut, med søknadsfrist 1. mars. Der tilbyr sjukeheimen stipend til dei som vil studere sjukepleie frå og med hausten 2020.

Tilbodet gjeld både heiltids- og deltidsstudentar, og Kvendbø oppmodar både folk som allereie er tilsett i kommunen og andre til å søke.

– Ja, det er åpent for både interne og eksterne søkarar. Vi har mange helsefagarbeidarar og andre, som er i andre faggrupper i Surnadal, som vi veit kunne tenke seg sjukepleiarutdanning, seier ho, og legg til:

– Dei har gjerne ein del spørsmål rundt ting som om dei vil få seg jobb dersom dei tek denne utdanninga, eller korleis dei skal løyse det reint praktisk – i kombinasjon med familieliv.

Einingsleiaren trur at dei nye studentpakkestillingane kan hjelpe folk å komme seg gjennom utdanninga, og at fleksibiliteten med at dei kan kombinerast med både heiltids- og deltidsstudier er med på å legge godt til rette for mange.

Vedtaket om stillingane kjem frå kommunestyret i Surnadal, og det er altså seks stillingar som no er lyst ut. Dei seks som vert plukka ut, vil få tilbod om fast arbeid under studietida, og garanti om 100 prosent fast stilling når dei er ferdige. I tilbodet ligg det og ei binding på to år til Surnadal sjukeheim etter fullført utdanning.

Bakgrunnen for tiltaket er rett og slett behovet for kompetanse, ifølgje Kvendbø.

– Vi er nødt til å ha sjukepleiarkompetansen, for å ta oss av dei svake, gamle innbyggarane våre, med komplekse sjukdomsbilete. Vi er ein sjukeheim og skal yte forsvarlege helsetenester, så kompetanse må vi ha.

Surnadal sjukeheim har per i dag 120 tilsette-forhold og rundt 85 årsverk, og 61 bebuarar fordelt på fire avdelingar; ei korttidsavdeling, to langtidsavdelinger og ei for pasientar med demenssjukdomar.
 

Stipend og fast, full stilling

Kvendbø håpar på mange søkarar på stillingane.

– Ja, blir det så stor pågang som vi håpar, får vi eit luksusproblem. Då må vi ta ein intervjurunde for å sjå kven som får stillingane, seier ho.

Sjølv om studentpakkestillingane som no er vedteke og utlyst gjeld dei som ønsker å starte sjukepleiarutdanning hausten 2020, utelukkar ikkje einingsleiaren at det kan verte aktuelt med liknande tiltak også i åra framover.

– I første omgang er det bestemt at vi køyrer dette tiltaket for 2020, så får vi sjå korleis responsen og behovet blir. Behovet trur eg heilt klart kjem til å vere der dei komande åra, seier ho.

Når det gjeld å komme inn på sjølve studiet, er det naturleg nok ulike opptakskrav og karaktergrenser ved dei ulike skulane. Sjølve søknaden til studiestaden skjer, som vanleg, til Samordna Opptak, med frist 15. april.

Ved fulltidsstudie over tre år vil dei som får studentpakkestillingane få utbetalt stipend på 35 000 kroner andre studieår og 45 000 kroner tredje studieår. Ved fire års deltidsstudie er summane 20 000 i år to og tre, samt 40 000 i fjerde og siste år.

– Grunnen til at vi ikkje gjev ut stipend første studieår, er at folk gjerne treng litt tid på seg for å finne ut om dette passar for dei og deira livssituasjon. Difor har vi valt å gjere det slik at stipendet gjeld frå og med andreåret, seier Kvendbø.

 Ho understrekar at ein etter fullført utdanning vil få ein ordinær arbeidskontrakt med 100 prosent stilling ved Surnadal sjukeheim.

– Finst det ikkje sjukepleiarar å ta av, hjelper det jo ikkje om det er 100 prosent og fast stilling, så difor har vi valt å ta grep for å legge til rette for at folk kan opparbeide seg denne kompetansen, seier Kvendbø, og legg til:

– Mange er nok opptekne av lønn, og no vart det eit solid lønnshopp for sjukepleiarar i 2019, så vi har endeleg komme etter på det feltet, fortel ho.

Her kan du lese om då kulturskulen heldt konsert på sjukeheimen i desember.
 

Satsar på fagutvikling

Rekruttering av sjukepleiarar har vore tema i heile organisasjonen ved Surnadal sjukeheim lenge, og forslaget om studentpakkestillingane kom frå tillitsvaltapparatet.

– Det er frykta at vi i framtida kan vere fleire titusen sjukepleiarar i manko på landsbasis, og i heile distriktet her har det vore vanskeleg å rekruttere. Difor er det så viktig korleis vi rundt omkring i landet riggar oss til for å møte tida som kjem, seier Kvendbø, og viser til studentpakketilbodet som eit godt og nødvendig grep:

– Dette gjev oss mulegheita til å bygge opp sjukepleiarkompetanse lokalt, og spesielt deltidsstudiet trur vi kan gjere dette aktuelt for folk med ungar og familie, som ikkje har mulegheita til å starte på eit fulltidsløp.

Sjukepleiarane ved Surnadal sjukeheim har stor variasjon i arbeidsoppgåvene sine, og spelar ein viktig rolle for å vere med på å skape eit godt liv, og ein god dialog både med pårørande og pasientar.

– Det er høg fagleg standard her, for fagutvikling har vore satsingsområde her i fleire år. Vi held oss til eldrereformen «Leve hele livet», og legg vekt på gode tenester, gode måltid og eit rikt aktivitetstilbod med både individuelle aktivitetar og fellesaktivitetar. Dette utgjer eit godt utgangspunkt for trivsel og meining i kvardagen, seier Kvendbø.

Einingsleiaren fortel at det er eit stort behov for fagkompetanse ved norske sjukeheimar, og at det gjeld både helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.

– Eitt av satsingsområda våre no, etter nasjonal føring frå helsedirektoratet, er at kommunane skal bli endå dyktigare på å vere proaktive – på å oppdage forverra tilstand tidlegare. Det betyr at ein må jobbe meir strukturert på tvers av faggrupper, og ha eit tett og godt lagarbeid mellom helsefagarbeidarar og sjukepleiarar, seier Kvendbø.

Ho trur den varierte kvardagen er berre ein av fleire positive faktorar som er med på å motivere folk til å jobbe innan helse og omsorg.

– Når det gjeld motivasjon seier nok dei fleste at motivasjonen ligg i sjølve innhaldet i arbeidet, og det å bidra til å skape ein meiningsfylt livssituasjon for brukarane. Samtidig kjenner ein gjerne på at ein gjer noko nyttig, skaper trygge rammer og gjer ein forskjell. Den indre motivasjonen er viktig.
 

– Eldreomsorga har eit ufortent dårleg rykte

Rita Svorken er tillitsvalt sjukepleiar ved Surnadal Sjukeheim, og har jobba ved sjukeheimen sidan ho var ferdigutdanna i 2005.

Ho håpar og trur det blir stor interesse for dei utlyste studentpakkestillingane.

– Det er veldig spennande å vere sjukepleiar på Surnadal sjukeheim. Arbeidskvardagen er variert, ein jobbar veldig heilheitleg og får mange faglege utfordringar, seier ho, og fortsett:

– Etter samhandlingsreformen har vi fått ei mykje meir avansert pasientgruppe, og driv mykje meir avansert behandling ute i kommunane. Omlegginga har gjeve oss andre og større faglege utfordringar enn før, så ein får vere med på mykje interessant.

Svorken meiner eldreomsorga gjerne får unødvendig hard medfart i mediene.

– Eldreomsorga har eit ufortent dårleg rykte. Det har vore mykje negativ medieomtale om den, og det kjenner eg meg ikkje att i, seier ho, og fortel at dei som får dei utlyste stillingane kjem til eit godt og trygt arbeidsmiljø:

– Vi er ein stabil sjukepleiarstall, der mange har lang erfaring. Det er eit godt klima blant dei tilsette, og vi støttar kvarandre. Det følgjer mykje ansvar med det å vere sjukepleiar, men her er vi sjeldan åleine. I tillegg jobbar vi mykje tverrfagleg, saman med fysioterapeutar og legar.

Den tillitsvalte sjukepleiaren trivst på jobb, og trur nyutdanna sjukepleiarar vil oppleve større variasjon i kvardagen på ein sjukeheim enn dei gjer på til dømes eit sjukehus.

– Sjølv om eg har jobba på sjukeheimen sidan 2005, trivst eg veldig godt, og eg får framleis nye utfordringar, med fleire sjukepleiartekniske oppgåver enn før. Ein får meir variasjon i kvardagen når ein jobbar i kommune enn på sjukehus – der det etter kvart har vorte veldig spesialisert.

Her kan du lese om Onnadagen ved Surnadal sjukeheim i 2019.
 

– Å oppretthalde eit godt distrikt er ein dugnad

Kvendbø fortel at sjukeheimen har mange spennande teknologiske prosjekt på gang, meint som supplement til dei allereie eksisterende tenestene. Ho håpar og at Surnadal etter kvart kan verte vertskapskommune for eit desentralisert deltidstilbod for sjukepleiarstudentar.

– Vi har signalisert interesse for å få bli det, men det er jo naturleg nok noko alle kommunar ønskjer seg. Det hadde vore eit kjempepluss for oss, seier Kvendbø.

Ho er oppteken av at ein må sjå dei store samanhengane med stillingane som no er lyste ut.

– Det handlar om korleis vi sikrar tilflytting og at vi opprettheld funksjonane vi må ha i distriktet. Vi må ha kompetent arbeidskraft, slik at vi kan tilby folk tenestene dei treng. På den måten får vi folk til å ville bu i Surnadal inn i alderdommen sin.

– Eg håpar difor at alle bidreg og snakkar varmt om Surnadal, og det å bu her. Vi har enormt mykje, med eit rikt kulturliv, og mange tilbod om aktivitetar. Vi har fjord og fjell, og mykje av det som skal til for at folk skal ha eit godt liv.

Einingsleiaren fortsett:

– Det å oppretthalde eit godt distrikt er ein dugnad, som krev at vi får opparbeidd eit godt omdømme – både når det gjeld arbeidsliv og alt rundt. Difor er arbeidet som blir gjort med tanke på tilbakeflytting, og eit sterkt næringsliv, viktig. Det er mange aspekt med dette, og eit stort system som må fungere ilag for å halde eit godt distrikt oppe.

Eitt av Surnadal sjukeheim sine grep i denne samanhengen er altså dei seks utlyste studentpakkestillingane, som Kvendbø no håpar mange er ute etter.

– Vi ønskjer at både yngre, eldre, menn og kvinner vurderer denne mulegheita, alle søkarar er av interesse. Vi treng at folk vurderer seriøst å skolere seg innane sjukepleiarfaget, det har mykje å seie for det framtidige tilbodet Surnadal kan gi, seier ho, og legg til:

– På eitt eller anna tidspunkt i livet, treng vi alle at ein sjukepleiar bistår oss. Difor er det så viktig at vi legg til rette for å ha nok sjukepleiarar, tek godt vare på den verdifulle kompetansen dei har.

Tilsette ved Surnadal sjukeheim 2.JPG
Einingsleiar Marit Moe Kvendbø nummer to frå høgre.