Lediard 1_1024x640

... folket på Øra fikk det som dei ville

Lediard fikk Billagsbygget og.....

Surnadal kommune overdrar Billagsbygget på Øra til Lediard Fotografi (bildet) vederlagsfritt.
Føresetnaden er at det hovudsakeleg skal drivast fotoforretning i lokala og øvrig verksemnd som
omskreve i tilbudet frå 16.09.2011. Kjøpar må bere omkostningane med eigedomsoverdraginga. Men dette var ikkje alle einige i...

Mot

Likevel gjekk fleirtalet i kommunestyret inn for å overdra det gamle Billagsbygget til Lediard Fotografi vederlagsfritt, sjøl om Vect AS hadde lagt inn eit bud på 51 000 kroner for bygget.

Kultur i det gamle Billagsbygget
Eilert Mikkelsen (KrF)
sat att med ein liten bismak og spurde om kva som vil skje framover. - Mister vi kontrollen over bruken av bygget i framtida ved eit salg? spurte han.

Lars Polden (Sp) var glad for endeleg å kunne avhende bygget. - Vi set betingelsar ved fotografering og med det får folket på Øra med velforeninga i spissen det som dei vil. Det blir kultur i det gamle bygget, sa han.

Johs J. Vaag (Frp) (til venstre saman med Palmer Vikan - Uavhengig - begge var i mot å gi bort Billagsbygget til Lediard) ville halde fast ved prinsippet og selge til høgstbydande og foreslo salg til Vect AS. Han fekk følgje av Anders Nordvik (Ap). I møtet viste det seg at Nordvik var inhabil, da hans sønn var vara til styret i Vect AS.

- Vi må høre på ørabyggen
Inger Johanne Iversen (SV)
la vekt på synspunkta til velforeninga på Surnadalsøra og kva ørabyggen vil. - Eg går for innstillinga til rådmannen, sa ho og fekk støtte frå Gunnhild Bøklepp Bøe (Sp) og Else Brandvoll Andresen (Sp). - Endeleg ser det ut til at det skal bli liv i det gamle bygget, la ho til.

- Eg er heilt ueinig med partifelle Anders Nordvik, sa Norvald Bondhus (Ap), som understreka det grundige arbeidet som var gjort på førehand i saka. - Vi må gjere det lokalbefolkninga vil, sa han og fekk støtte frå Bernt Venås (Sp).

Ta vare på Øra
- Her må vi la markedskreftene rå, bruke hauet og ta vare på det unike miljøet på Øra. Det gjer vi best ved å la Lediard ta over bygget, sa Stig Sæter (H) (til høgre), noko ordførar Mons Otnes (Ap) sa seg einig i.

Mot fire stemmer fekk Lediard Fotografi overdratt Billagsbygget vederlagsfritt. Du finn saksframlegget her.

Det var noko av det siste det gamle kommunestyret i Surnadal vedtok i dag, før nye kostar kom inn.

Denne saka fekk stor oppmerksomhet i det siste kommunestyret for dei gamle kommunestyremedlemmene. TK nett har dette på saka og Driva nett dette.