Picasa

Laksefisket i Surna sesongen 2013

Vi kan sjå tilbake på nok ein laber laksesesong i Surna. I Rindal er det registrert 52 laksar, tilsaman 251 kg i år, fortel Torbjørn Amundsgård, ledar i Rindal Elvalag, til Trollheimsporten. Det var teke 280 kg ifjor. I Surnadal er det registrert 551 laksar, tilsaman 2549 kg. 

 

 

Av denne fangsten vart 125 utsette i Surnadal og 6 i Rindal.

 

Det er fangstrapportane som er dokumentasjon på kor mykje laks det er i elva, som igjen er grunnlag for fiskereglementet neste år.

 

Sjå meir om laksesesongen og statistikkar på surna.no.