Festivalutstilling Inga Dalsegg_350x238

...med Inga Dalsegg som festivalkunstnar

Laksefestivalen i gang

Sjølv om den offisielle opninga ikkje skjer før i morgon, fedag, er Norsk Laksefestival i Surnadal allereie godt i gang. Torsdag er det både konferanse, minikonsertar, tivoli - og ikkje minst kunstutstilling i kulturhuset med festivalkunstnar Inga Dalsegg.

Under fagkonferansen Vassdrag & Villaks 2011, som tjuvstarta Laksefestivalen, fekk NVE overlevert kravdokumentet av ordførar Mons Otnes i Surnadal. Det kan du lese meir om her.

Tidleg torsdag ettermiddag fekk ungane i Øye barnehage overraskande besøk av Torstein Snekvik, Batteri og andre MGPj-artistar, som heldt minikonsert i samband med oppladinga til den store gratiskonserten under laksefestivalavslutninga søndag. Les meir om barnehagekonserten her.

Det var også minikonsert i Surnadal Sparebank, der Tore André Helgemo - faren til Celine frå MGPjr - spela.

I tillegg har tivoliet opna dørene, i Glønavatnet det er torsdag kveld fisking for born, og festivalkunstnar Inga Dalsegg si salsutstilling vart opna i Finstuå i kulturhuset. Totalt 34 måleri, litografi og teikningar er utstilt. Mykje kropp og naken hud dominerer bileta, og fleire av utstillingsobjekta kom direkte frå Dalsegg si utstilling i New York.