tor rune halset, rune dalager, anders larsen 2

Laget Vårsøg fekk Kleivaprisen 2020

Under ein annleis Kleivakveld i Storstuå i Surnadal kulturhus torsdag, fekk Laget Vårsøg tildelt Kleivaprisen, nummer 23 i rekkja.

Ingressfoto: tidlegare styreleiar og noverande styremedlem Tor Rune Halset, styreleiar Rune Dalager og dagleg leiar Anders Larsen.

Ordførar Margrethe Svinvik stod for utdelinga av prisen, og grunngjevinga frå juryen, Kleivastyret, var slik:

"Kleivaprisen har vore utdelt sidan 1998, alltid på Kleivakvelden og alltid på Kleiva, sjølvaste Kleivakongen sitt palass.

I år spekulerte vi i Kleivastyret på kva vi skulle gjere, skulle det delast ut Kleivapris når det ikkje var Vårsøghelg? I tilfelle når og så vidare. Vi landa på at det var ein lang og god tradisjon, og at det ikkje står på mangel av kandidatar – for dei er det mange av, så diskusjonen endra seg frå om til kven!

Kven er  kandidaten som når opp i det gode selskap?

Det gode selskap av: Sommerro, Brørs, Røen, Gravvold, Bøe – det var ei oppramsing av dei fem første. Lista fortsett med popband – skodespelar – eldsjeler – kulturpersonlegdomar – eiegode Kirsti og Holger, forfattarar, dirigentar, revystjerner og så bortetter.  28 personar fordelt på 22 prisar.

Nok historie – over til årets prisvinnar:

Statuttane for Kleivafondet skal leggast til grunn for tildelinga og under §2 står det mellom anna: «formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett». Årets prisvinnar passar inn i dette som hand i hanske.

Prisvinnaren har vore aktiv i kulturlivet i Surnadal, meir eller mindre i 25 år. Prisvinnaren er òg godt kjend ut over Surnadal sine grenser. Det har utvikla seg mange «Surnadalsvener» på grunn av årets prisvinnar.

Prisvinnaren gaper over det meste, ikkje noko er for stort og ikkje noko er for lite, prisvinnaren er sjangeroverskridande, så det held.

Prisvinnaren utfolder seg innanfor området frå kyrkje til kro, og fornying gjennom tradisjon.

Årets prisvinnar har levert kunst og kultur til utruleg mange desse åra, og ser på seg sjølv som arrangør. Surnadal kommune ser òg prisvinnaren som, ja – arrangør, men og omdømmebyggar og formidlar av kulturarven etter Hyldbakk.

Lokale, nasjonale og utanlandske artistar om einannan. Profesjonelle forfattarar og unge lokale diktskrivarar, frå rock til «pling-plong-musikk» som Henning seier, dans, litteratur, kunst, debatt, pubkvelder, kyrkjekonserter, kulturvandringar.

Kven kan formidle Kleivakongen sine tekstar,  tankar og idear betre enn den gjengen som årets Kleivaprisvinnar består av?

Kven andre ber denne stolte tradisjonen fram år, etter år?

Årets prisvinnar har eit namn som er kome inn i nynorskordboka, eit namn som fargar dagen grøn for oss andre, sjølv når det er vinter i mai.

– 75 år etter at Hans Hyldbakk skreiv diktet Vårsøg, går Kleivaprisen til dei som år etter år arrangerer Vårsøghelga

– Kleivaprisvinnar er Laget Vårsøg"