Torsdag
Torsdag Skyet
10°
Skyet
Lett bris
Fredag
Fredag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Svak vind
tuva telstad leirfivellandet

Lagar historisk spel med Famntak-musikk og handling frå Surnadal

31. juli 2020 har musikkspelet «Leirfivellandet», med musikk frå Famntak og tekst av Tuva Telstad, premiere på Hamnes. Initiativtakar Telstad (23) ønskjer å engasjere ungdommen med den nye storsatsinga, og håpar på minst 40 personar på scena.

Ingressfoto: Tuva Telstad (23) er prosjektleiar for spelet "Leirfivellandet" - der handlinga går føre seg i Surnadal på 1920-talet, og der all musikk er henta frå Famntak sine to album.
 

Den nystifta organisasjonen Leirfivellandet, med Tuva Telstad og Edvard Bele Sæterbø i spissen, vil komande sommar sette opp eit rykande ferskt spel, med same namn.

Telstad har det kunstnariske ansvaret, og står for skriving av manus, medan Sæterbø har ansvaret for det praktiske og det som går på logistikk rundt forestillinga.

– Det er litt skummelt, på alle nivå. Men eg har tenkt på det i sikkert eit år no, at dette er noko eg har skikkeleg lyst til - så då er det berre å prøve, seier ho.

23-åringen fortel at ho er godt i gang med manuset. Det er inspirert av prosjektleiaren si eiga oldemor, Ivarda Strand, og handlar om eit litt strabasiøst liv og ein tøff kvardag, som bortimot fortonar seg som ein kamp for å overleve.

Telstad skriv manuset med hjelp frå skodespelar Simen Skrøvseth Tranulis, medan far Karstein hjelper til med historiske detaljar frå Ivarda sitt liv.

– Eg møtte Simen på fest i Bærum, og fann ut at han og har anar frå Surnadal. Det viser seg at vi er firemenningar, smiler Tuva, og legg til:

– Simen blir med som dramaturg for å kvalitetssikre spelet, og vi jobbar mykje med å få ting så autentiske som muleg.

Ho fortel at Famntak, som består av Tone Søyset Døving, Trygve Brøske, Jostein Ansnes og Anders Larsen, har vore veldig positive til det nye Leirfivellandet-spelet.

– Dei likte tanken veldig godt, og det hadde vore artig å få til eit prosjekt med dei. I første omgang gjeld det for oss å få musikken og historia til å stemme med kvarandre, seier Telstad.
 

Moen Fiske og Indergård på rollelista

Det er allereie klart at Hanne Moen Fiske, som har lang sceneerfaring frå mellom anna «Lady Arbuthnott», skal spele hovudrolla i «Leirfivellandet». Revyprofilen Line Indergård er og bekrefta med, i ein birolle.

– Elles er det åpent for alle som vil vere med. Vi har tankar om kven som kan passe til enkelte av rollane, men vi ser for oss å ha minst 40 personar på scena. Vi treng folk i alle aldrar, for tanken er at persongalleriet i spelet skal spegle eit vanleg samfunn, seier Telstad, og fortsett:

– Vi er ute etter frivillige både på og bak scena, og håpar folk er positive til ei slik satsing.

Initiativtakarane er no midt i ein runde der målet er å få lokale bedrifter med på laget.

– Målet er ikkje å sitte att med pengar, det er rett og slett å få gjennomført noko som dette. Vi håpar å kunne gå i null, og går vi med overskot vil vi gje noko tilbake til frivillige, til unge talent og til lag og foreningar som treng det, seier Telstad.

Ho håpar at spelet «Leirfivellandet» etter kvart kan bli noko stort.

– Det hadde vore ein draum, og då kunne ein brukt det som ein sommarjobb for ungdom. Det er viktig å få med ungdommen, skape nye interesser hos dei og få fram nye talent.
 

To forestillingar i 2020

Tuva, som til vanleg bur i Oslo og jobbar 50 prosent i ei fagkonsulentstilling i Bærum kommune, fortel at ideen kjem av erfaringar ho har gjort seg som tilsett i spelet Peer Gynt på Gålå. Der var ho frivilligansvarleg, med oppfølging av kostymer og liknande.

– Eg var i grunn ei typisk potet, ler Tuva, og fortsett:

– Oppveksten min har vore prega av kultur, og eg har studert kulturprosjektleiing på Lillehammer, så eg har ein del erfaring innan dette feltet. Men tida i Peer Gynt har heilt klart trigga meg til å satse på «Leirfivellandet».

Telstad har i haust og jobba ein del i Feelgood Scene Film og TV AS, med «Brille». No er ho klar for ein god del pendling til Surnadal i løpet av våren.

– Eg likar å ha friheit til å kunne gjere litt ulike ting, og eg tykkjer det er tøft å gjere noko nytt – å lage- og sette opp noko eige.

– Vi skal ha to forestillingar, med plass på 300 personar per kveld, og premiere 31. juli. I tillegg har vi tankar om å få til matservering på låven hos Torstein og Linn Hamnes, og kanskje til og med ølsal ute på tunet, for å skape stemning og ein fin heilaften, seier prosjektleiaren.

Ho understrekar at planane om servering foreløpig ikkje er heilt bekrefta, og fortel vidare om prosjektet:

– Torstein har laga til eit fint, flatt område nede ved sjøen, og der er det eit naturleg amfi, der publikum skal sitte.

Telstad er no på jakt etter ildsjelar i alle aldrar, som ønskjer å bidra - på eller bak scena.

– I og med at vi er heilt i oppstarten, og dette er første året «Leirfivellandet» vert sett opp, er det ikkje noko pengar i det. Difor må vi finne ildsjelane, som blir med fordi dei trur på prosjektet og ser at dette kjem til å bli ei fin oppleving, seier ho.

Leirfivellandet - Inspeksjon av sceneområde på Hamnes - Edvard Bele Sæterbø er på bildet.jpg
Edvard Bele Sæterbø i Leirfivellandet inspiserer det som skal bli sceneområde for spelet "Leirfivellandet" i månedsskiftet juli/august 2020 (Foto: Leirfivellandet).