jan terje moen 2

Lærarar aksjonerer mot budsjettkutt

Måndag aksjonerer lærarane tilknytta Utdanningsforbundet, og andre Unio-organiserte ved Surnadal vidaregåande skole, mot fylkesrådmannen sine store kutt innan utdanningssektoren. – Vi ser dette som del av ein sentraliseringspolitikk, som vi meiner er heilt forferdeleg for dei mindre plassane, seier lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Surnadal, Jan Terje Moen.

I fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik sitt forslag til budsjett for Møre og Romsdal fylkeskommune for 2020, låg det inne kutt i drifta på til saman 112 millionar kroner. Utdanningssektoren må kutte 100 millionar kroner dei neste åra, og dette har ført til store reaksjonar.

Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal vil no vise musklar, og måndag oppfordrar dei tilsette ved alle vidaregåande skular i fylket til å aksjonere. 

Jan Terje Moen seier at Utdanningsforbundet Surnadal reagerer sterkt på kuttforslaga, og at både lærarar tilknytta Utdanningsforbundet og andre tilsette, som er Unio-organiserte, vil delta i aksjonen. Nøyaktig kva aksjonen går ut på, vil verken Moen eller Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal ut med.

– Vi aksjonerer mot dei store budsjettkutta som ligg i forslaget frå fylkesrådmannen. Det går på kutt av linjer, som bygg og anlegg i Surnadal, og potensielle nedleggingar av vidaregåande skular. Utdanningsforbundet kan ikkje godta kutta som er lagt fram, seier Moen, og fortsett:

– Skulane vert drive nøkternt, det har vi god dokumentasjon på, men likevel er det der det skal sparast.

Moen meiner at kutta representerer eit stort slag for bygdene.

 – Kutta går utover alle, men rammar små bygder ekstra hardt. Vi ser dette som del av ein sentraliseringspolitikk, som vi meiner er heilt forferdeleg for dei mindre plassane.

Difor er det altså duka for protestaksjon blant lærarar og andre tilsette ved Surnadal vidaregåande skole mot slutten av dagen førstkomande måndag. I tillegg vil representantar frå Surnadal vere til stades på ein demonstrasjon i Molde, same dag klokka 17.00.

jan terje moen.jpg
Lokallagsleiar Jan Terje Moen i Utdanningsforbundet Surnadal varslar aksjon blant lærarar og andre tilsette måndag 25. november (Foto: Privat).