Kyrkjesongkveld i Åsskard

 

PLAKAT Åssk 2014.10.22 orig_690x983.jpg

 

Kora slår eit slag for den nye salmeboka og oppfordrar til allsong av nytt og gammalt. Samtidig vil kvelden også gi innføring i drama og liturgi i kyrkja – med enkle døme på korleis ein kan skape liv i gudstenester og andre samlingar. Dei to kora har elles eit fyldig program av vakker kyrkjemusikk å formidle – av Händel, Beethoven og andre. Kvelden blir avslutta med servering i Kyrkjestua.


Blant dei frammøtte blir det trekt ut 3 vinnarar av ein CD med glimt frå tidlegare kyrkjekonsertar i Åsskard. Den heiter "Deg være ære" og inneheld ein bukett korsongar, litt orgelmusikk og Haydns "Messe i F-dur" for kor, solistar og strykarar. CD'en blir lagt ut som suvenir i Åsskard-kyrkja.


Åsskard Kyrkjesongkveld Kor 2_700x437.jpg

Åsskard Kyrkjesongkveld Kor 3_700x501.jpg

Saman med organist Bernt G. Bøe byr Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor på salmar, korperler og prøver på liturgisk drama i Åsskard-kyrkja onsdag kveld.