Kyrkjefest Åssk b (2)

Kyrkjefest i Åsskard

Søndagens hausttakkefest med 50-års konfirmantjubileum vart ein fin kyrkjesøndag i Åsskard. Haustfargar og «markens grøde» prega kyrkjerommet – vakkert oppsett av Åsskard Bygdekvinnelag, som også sørga for dagens kyrkjekaffe.

Dåp og tilbakeblikk

Festen vendte blikket både framover og bakover: Vesle Patrick og Alvilde Lovise vart døypte av sokneprest Bernt Venås – med to av konfirmantane som dåpsassistentar. Samtidig var 50-årskonfirmantane dagens heidersgjestar. Dei hadde samling også etter gudstenesta.

Med tenesteoppgåver har konfirmantane dei siste åra delteke fast ved gudstenestene. Attåt assistanse ved dåpen hjelpte dei søndag til som klokkeringarar og kyrkjevertar.

 

Jubileumsfest

Etter gudstenesta var 1966-konfirmantane samla til hyggesamver på bedehuset i Bøfjorden. Her var det god stemning og gjensynsglede. Historiene satt laust – både om kyrkjefart på kjelke etter blankisen og om turbulente opplevingar på skulen. Aud Jorunn Endresen, Beate Solem Bøe og Gunnvald Bøe drog fleire av «geilkalvane» inn i praten, og det dukka fram muntre og livlege historier frå skule- og konfirmanttida.

Bordkonkurranse (mest om året 1966), allsong og ei spennande utlodning bidrog også til trivsel på jubileumsfesten. Ein særleg flott gevinst var fatet (laga av Sigrun Hesjehagen) med måleri av Åsskardkyrkja og med inskripsjon for dagen. Her vart Øydis Snekvik Grønli den lykkeleg vinnaren.

Og på presten si oppfordring har årets jubilantar alt starta pr-kampanjen for neste års konfirmantjubileum. Denne tradisjonen er verd å ta vare på!


Kyrkjefest Åssk a.JPG
Dåpsgudsteneste i festpynta kyrkje. Sokneprest Venås preikar. Framme til venstre dåpsassistentar saman med klokkar Randi Bøe.
Kyrkjefest Åssk b (2).JPG
Åsskard Bygdekvinnelag sørga også denne gong for flott haustpynting i kyrkja. Frå venstre Gunda Bele, Gyda Stolsmo, Ragnhild Skrøvset, Torbjørg Settem, Kari Sollid Heitmann, Aslaug Settemsdal, Eldfrid Sæthervik, Elise Settemsdal og Inger Lise Heggem.
Kyrkjefest Åssk c Jubilantar.JPG
Konfirmantane frå 1966 var 50-årsjubilantar. Sitjande fremst (frå venstre): Ellgunn Bøe Sættem og Øydis Snekvik Grønli. Andre rekkje: Aud Jorunn Sollid Endresen og Beate Solem Bøe. Tredje rekkje: Jarle Foss, Sverre Sæther, Inge Dønheim og Gunnvald Bøe. Bak: Kjell Sættem og Sverre Egil Bæverfjord.
Kyrkjefest Åssk f Gunnv.JPG
Gunnvald Bøe delte muntre minne med «geilkalvane» sine.
Kyrkjefest Åssk h Gevinst.JPG
Øydis Snekvik Grønli vart lykkeleg eigar av det flotte fatet som Halsa-kunstnaren Sigrun Hesjehagen har måla til jubileet.

Tekst/foto: Bernt G Bøe