Picasa

Kyrkjebladet 75 år

Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Alle husstandane får denne veka første nummer av 75.årgang i postkassane. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg dette (etter kvart) i lag med tidlegare utgåver nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!

I første nummeret i jubileumsåret har Bernt G. Bøe eit tilbakeblikk på historia til Kyrkjebladet. Han er også den som har lengst fartstid som redaktør, og dagens redaktør har eit intervju med han inne i bladet.


Slik såg framsida ut i 1941. Teiknaren er ER, er det nokon som veit kven det er?

Vi finn også bilde av ein fin flokk 5.-klassingar som fekk sin eigen Bibel i Øvre Rindal kapell 1. februar.

Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, innanlands eller utanlands, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Send epost til kyrkjeblad@gmail.com.

Kontingenten er frivillig for alle, men bladet er avhengig av denne, sidan det er einaste inntekta utanom nokre takkoffer! (gironr.4050.40.46232)
 

For å finne sida der du kan laste ned Kyrkjeblad for indre Nordmøreklikkar du her!

Vi minner om at du kan finne alt kyrkjestoff på Trollheimsporten i eiga mappe.

For Rindal finn du det slik: Om Rindal > Kulturliv > Kirka - Rindal sokn > Kirkenytt,   eller klikk her!

For Surnadal finn du det slik: Om Rindal > Kultur og fritid > Kyrkja i Surnadal > Kyrkjenytt,   eller klikk her!