logo søndagsskolen

Kyrkja og søndagsskulen går saman

Kyrkja og søndagsskulen i Surnadal går saman og startar samlingar "sprell levende" for barn annakvar torsdag i sokkelen på kyrkjelydshuset på Skei.

Første gong blir torsdag 25. september, og dei vil ha 2 grupper: småbarnssong 1-3 år og barnesong/søndagsskule 4 år og oppover. Småbornssongen vert leia av trusopplærer Elsa Jensvold og er ei oppfølgjing av babysong. Det vert eit tilrettelagt program for dei aller minste med mykje leik og rørsle/rim og regler. Inger Marie Paulsen og Mali Settem vil ha søndagsskuledelen med levande formidling av bibelforteljingane, og Oddveig Helset Halle vil vere tonefølgje til songen og lære ungane nye songar. 

Frå og med 25. september vil det bli arrangert annakvar torsdag kl. 17.30-18.30. 

Den eldste gruppa startar samlinga med ei songstund.Ta gjerne kontakt på kyrkjekontoret for spørsmål.

20140918_132402-1.jpg
Frå venstre: Inger Marie Paulsen, Mali Settem, Elsa Jensvold og Oddveig Helset Halle